Måndag 27. januar kl. 19.00, avviklar Voss Venstre sitt årlege årsmøte på Park Hotel. I tillegg til årsmøtesaker, vil det òg bli opna for politisk debatt og debatt ikring eventuelle politiske resolusjonar som blir lagt fram.
Styret er òg glade over å få ynskja Stian Skår Ludvigsen,
Ph. D. i statsvitskap, statistikk- og analyserådgjevar og leiar i Bergen Venstre, velkomen til årsmøtet for å innleia om «Venstre-veljaren på Voss» og Venstre sitt vidare potensial på Voss.
Ta kontakt med gruppeleiar Torstein Gunnarson eller leiar Knut Olav Nestås, på høvesvis tlf.nr. 91171590 eller 41206132, om det skulle vera noko.
Hjarteleg velkomen på årsmøte! Me håpar mange har høve til å koma!
Beste helsing,
styret i Voss Venstre