Personvern = DNA-vern

Fjaler Venstre meiner at eit DNA-register berre skal nyttast til lagring av DNA-prøver av valdsforbrytarar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Alt i dag viser Venstre sitt program at lagring av DNA berre skal gjelde ved domfelling utan vilkår på minst 6 månader, og der det har relevans.

DNA er det mest peronlege vi har og kan lett misbrukast. Derfor bør Staten vere særs restriktiv med å ta inn DNA-prøver og bruken av dei. Statsadvokaten har nyleg innskjerpa forskrifta slik at alle straffedømte, med dommar utan og på vilkår og mange berre bøtelagde, skal levere DNA-prøve. Desse prøvene skal lagrast for overvaking på livstid, og kan brukast til forsking til evig tid. Stortinget bør gjere om dette vedtaket og sikre at det skal vere enkletvedtak i kvar sak og ikkje ei tilleggsstraff for ikkje-valdelege straffedømde. Den omfattande DNA-registreringa må vere i strid med menneskerettskonvensjonen artikkel 8 — som skal sikre rett til privatliv.

Årsmøteresolusjon 19.1. 2014.

Til
stortingsrepresentant Iselin Nybø
stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**