Deling av makta i justissaker aukar rettsvernet

Fjaler Venstre ber Stortinget om å fjerne rolleblandinga i politi og påtalemynde, og sikre uhilda rettargang.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Politiet sine sær-etatar som Økokrim både etterforskar, utformar påtale og er aktorat under straffesaker. Det er også fleire døme på at same person har fleire av desse rollene. For den tiltalte medfører dette at saka ikkje blir vurdert uavhengig i ulike instansar. Det gir for stor makt til ein etat og svekker rettstryggleiken.

Mynde til å gi forskrifter til lov må likeså leggast til departementa, ikkje til organ som har klart utøvande mynde. Typisk er i dag DNA-registrering, der forskrift er lagt til Riksadvokaten — som både er aktorat og ankeinstans på vedtak.

Resolusjon vedteke på årsmøtet i Fjaler Venstre 19.1.2014. Sendt til Stortingsrepresentantane Sveinung Rotevatn og Iselin Nybø

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**