Trygg matproduksjon må sikrast

Fjaler Venstre meiner at landbrukspolitikken må sikre at matproduksjonen er trygg, miljøvenleg og langsiktig. Norsk landbruk er viktig for busetting i heile landet, biologisk mangfald, kulturlandskap og matproduksjon. Framtidas landbrukspolitikk må utformast slik at kvar einskild bonde får større handlingsrom og auka fridom med økonomisk tryggleik i botnen. Vi vil ha ein framtidsretta landbrukspolitikk som tar utgangspunkt i gode tilskotsordningar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Landbruksillustrasjon (SøTr)

Foto: Roar Sollied

Landbruk og næringsmiddelindustri er ei av landets største og viktigaste næringar med om lag 120000 sysselsette – og med store ringverknader, særleg i distrikta. Det er ein samanheng mellom norske råvarer og norsk foredlingsindustri. Utan innanlandsk produksjon av råvarer, ingen foredlingsindustri. Og innanlandsk matproduksjon — frå jord til bord — er viktig for å ha kontroll med mattryggleiken.

Tollvernet er ein berebjelke for å kunne føre ein nasjonal landbrukspolitikk. Tollvernet er ikkje til hinder for at vi fører ein politikk i WTO, som både sikrar marknadstilgang for svake land og vernar norsk landbruk mot dumping frå sterke eksportland.

Fjaler Venstre meiner at overføringane må halde fram på dagens nivå. Jordbruksavtaleinstituttet må gjennomgåast saman med partane med sikte på å skape ein enklare kvardag for bonden som næringsdrivande.

Marknadsreguleringa er viktig både for å sikre ei stabil forsyning av den norske marknaden og stabile vilkår for bonden. Dette er ikkje til hinder for ein gjennomgang av marknadsreguleringa — for å hindre at den verkar konkurransevridande for delar av bransjen.

Jordvern er viktig for å ta vare på produksjonsgrunnlaget for framtidige generasjonar. Det må difor vere sterke restriksjonar på å omdisponere dyrka jord, særskilt til slike ting som tettstadsutvikling og bustader. Fjaler Venstre innser at det i nokre tilfelle vil vere umogeleg å ikkje tillate nedbygging av jord. Det er difor heilt naudsynt å styrke arbeidet med nydyrking av jord, minst i takt med nedbygginga.

Venstre står godt plassert i sentrum av norsk politikk. Vi står for ein kontinuitet i landbrukspolitikken i den forstand at vi vil halde fram med overføringar på dagens nivå. Men vi ynskjer også endringar som gjer landbruket meir rusta for framtida. Bønder skal drive gard, ikkje fylle ut skjema.

Landbruksillustrasjon (SøTr)

Foto: Roar Sollied

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**