Nytt år med nye moglegheiter

I det vi går inn i 2014 noterer vi oss ei stabil medlemsutvikling.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Årsmøtet blei avvikla 14. januar på kulturkafeen. Med godt frammøte vart det eit vellukka arrangement. Verving var ei av hovudsakene som blei diskutert på møtet, og vi blei einige om å setja i gang ei vervekampanje for å skyte fart på medlemsveksten. Det blei vist til Venstre sitt nasjonale mål på å kome over 10.000 medlemar i løpet av året.

Fv. Thomas, Ole Johan, Malin, Eili og Kristian.

Foto: Kjetil Fiskergård

Etter mindre utskiftingar blei lokallagsstyret slik:
•Ole Johan Høyberg, leiar og kasserar

Årsmøte 2014

Foto: Thomas Vadset

•Thomas Vadset, nestleiar
•Kristian Stråmyr, sekretær
•Malin Storholt, styremedlem
•Eili Åndal Arntsen, styremedlem
•Håvard Urkedal, UV rep.
•Norunn Wuttudal, revisor (ikkje i styret)

Etter sjølve møtet var ferdig markerte vi 130 årsjubileet til lokallaget. Det blei mellom anna arrangert venstrequiz , der Høyberg vann med sju rette.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**