Kandidatar til verv i Agder Venstre?

På fylkesårsmøtet i Søgne 1. februar skal Agder Venstre velje styre på fem personar pluss varamedlemer, eit opplæringsutval på tre medlemer,

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


to revisorar, nominasjonsnemnder for fylkestingsvala 2015 i både Vest-Agder og Aust-Agder, ei felles programnemnd for å lage forslag til program for fylkestingsarbeidet – og seks utsendingar frå kvart av fylka til Venstres landsmøte 4.-6. april.

Dei fem styremedlemene i Agder Venstre og dei fem varamedlemene vil også fungere som fylkesstyre for fylkeslaga i aust og vest, med fem medlemer i kvart styre. Leiar i Agder Venstre og nestleiar frå det fylket som ikkje har leiaren i Agder Venstre blir også valt som landsstyremedlemer i Venstre.

Har du forslag til kandidatar? Send forslag til valnemnda ved [email protected].

Første møte i valnemnda er i Grimstad tysdag 14. januar kl 1800.
Medlemer i valnemnda er Cecilie Nissen, Kristiansand, Kai Ove Sanbåker, Gjerstad, Cathrine Høyesen Hall, Arendal, Anne Midtlien, Venstrekvinnelaget og Jacob handegard, Unge Venstre,

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**