Året starta med ei medlemsauke på heile 20 %, og med det låg alt til rette for stor aktivitet i 2013. Med nye folk og god stemning gjennomførte vi årsmøtet 13. januar der Pål Farstad var tilstade og Haram Landbruksråd ved Rune H. Haram og Atle Longva haldt innlegg. Årsmøtet vedtok ein resolusjon om Hamnsundsambandet, og sendte nyvald styremedlem Malin Storholt og gruppeleiar Kristian Stråmyr som delegatar til Fylkesårsmøtet i Kristiansund 9.-10. februar.
Haram Venstre var i regelen godt representert på stand gjennom heile valkampen, og vi deltok blant anna på Vårmarknaden i Brattvåg 13 april, Myldredagane 15. juni og på HaNo-dagane 7. september.
Blant året sine største hendingar var utan tvil besøket av tidlegare statsråd Odd Einar Dørum 8. juni. Dagen starta med eit møte på Rådhuset med ordførar Bjørn Sandnes (H) angåande Nordøyvegen. Deretter eit møte på Haram Innovasjonsstudio der Guttorm Ulla gav eit godt innblikk i næringslivet i regionen. Besøket kulminerte med foredrag på Kulturkafeen. I tillegg til Dørum haldt Pål Farstad, Britt Giske Andersen og leiar av fylkeslaget Ragnhild Helseth innlegg.
(Framhald under biletet)
19. august vitja Pål Farstad, Britt Giske Andersen og Steffen Falkevik Haram for å vise støtte til Nordøyvegen, og slå av ein prat med veljarane.
Under Stortingsvalet 9. september fekk Venstre heile 294 røyster i Haram, noko som svarar til 6,1 % og kom med det over både fylkes- og landssnittet. Pål Farstad blei vald inn på Stortinget, der han no sit i næringskomiteen.
Året blei toppa med 130-årsdagen for stiftinga av Haram Venstre 27. oktober, som vi vil formelt markere under kommande årsmøte. Les meir.
Haram Venstre vil med dette takke for ein fantastisk innsats gjennom det gamle året og ynskje lukke åt vidare i det nye til alle våre medlemmar og vener!