På Stord Venstres gruppemøte måndag vart saka om ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad diskutert i høve saka på torsdagens kommunestyremøte. Etter at formannsskapet hadde gått inn for Kverneneset som nytt ferjestø.
-Hjå oss i Venstre er det viktig å lytta til medlemma, og det er der avgjersla vert fatta så våre medlemmar får mogelegheit til å delta, seeier Venstre-leiar Håkon Frode Særsten.
Stord Venstre sitt gruppemøte gjekk samrøystes inn for å behalda Kverneneset som friluftsområde.
– Me tok ei grunndig vurdering av alle sidene ved denne saka, og enda ner på at det var uforsvarleg i høve biologisk mangfald, jordbruksareal, friluftsområde og flott natur, fortset Særsten
I tillegg tatt i betraktning dei nye opplysningane om traseval E39 vurderar Venstre det som feil tidspunkt å avgjere endring ferjesambandet.
– Reduksjona i reisetid kan oppnås ved å nytta raskare og miljøvenlege ferjer, avsluttar Særsten
Idag går ferja i 13 knop. Moderne aluminiumsferjer går heilt fint i 20-22 knop om ein skal tru Rogaland fylkeskommune