Styrke arbeidet for fattige barn
I følge BA under forrige levekårsundersøkelse bur 5,6 % av Bergens barn i fattige familier. Ingen barn velger sin eigen barndom. Vi ønsker derfor å bruke 3 millionar til å auke sosialhjelpsatsane for denne gruppa. Det er anslått 3000 fattige barn her i Bergen (jfr forrige levekårsundersøkelse, 5,6 % av barna i Bergen bor i fattige familier). Vår pott representerer ei beskjeden, men realistisk auke, eit skritt i riktig retning.
Vi i Venstre prøver alltid å forvalte arven etter Castberg, der barn ikkje blir ansvarliggjort for foreldrene sine valg og foreldrene sin mangel på valg.
Meir skadereduksjon gjennom brukerrom
Skadereduksjonsdelen i rusomsorgen må styrkast gjennom brukerrom. Det har vore ei kampsak for Venstre gjennom fleire år. I komiteen vart det med styrke hevda at andre lands statistikk ikkje har relevans men det har det.
Sjølv om ulike land teller litt ulikt, så telles det likt over tid i dei ulike land. Når det er knekk på statistikken, så betyr det sparte lidelser og meir livskvalitet som har relevans, også for Bergen. Det er ingen grunn til at Bergen skal unngå tiltak som har hatt god effekt i andre land. For Venstre handler dette om menneskeverd.
Mind the Gap
Sosialt entreprenørskap, slik at ein ikkje faller mellom, er viktig. Det er viktig å ha klart for seg at mykje innovasjon i omsorg skapes i frivillig sektor, og at denne innovasjonen fyller eit tomrom derfor ønsker vi å styrke SEIFE-tilbodet. Vi ser at dette er ein sikkerheitsventil for innvandrarar og personar i familiegjenforening med komplekse problemstillinger.
Også offentleg sektor bidra med innovasjon og entreprenørskap. Helsestasjonen i Solheimsviken er eit godt eksempel på ein institusjon som er god på å fange nye og udekka behov, og som har høg ekspertise, ikkje minst på inkludering og rusutfordringar.
Vi ønsker å styrke denne helsestasjonen sin økonomiske situasjon, mellom anna fordi vi meiner at talet på gravide på LAR vil auke, og at det derfor er behov for økonomisk romslege rammer.
Eg siterer frå årsmeldinga for 2012:
«Ansatte opplever stress pga knapp bemanning på helsestasjonene og i skolehelsetjenesten. De påpeker utilstrekkelige ressurser til å ivareta god nok oppfølging av familier/barn og elever med utvidet behov, særlig gjelder dette de fra områder i bydelen med lave levekår. I perioder er det vanskelig å opprettholde lavterskel tilbud til brukerne. «
Vi ønsker også å bevare syns og audiopedagogisk tenesta i Hordaland (i budsjettforslaget referert til som Blindeforbundet) no når statsped har trekt seg frå avtalen. Statsped si omorganisering medfører eit inntektstap på ca 25 %. Dette er eit tiltak som bidrar til at rehabiliteringen av mellom anna eldre som får synshemming(dette er ei aukande gruppe) kan fungere godt og effektivt. Å bidra til at eit slikt tiltak kan bestå, er god samfunnsøkonomi.
Retten til individuell livsførsel, også for utviklingshemmede personer.
Tenstene for utviklingshemmede personer har over lang tid vore debattert, mellom anna gjennom høringa i haust. For oss i Venstre er det viktig å sei at det å bu i bufellesskap ikkje tyder at du er utsletta som individ. Mange av oss liker å ha individuelle fritidsaktiviteter, dette gjelder også utviklingshemmede personer, det er ikkje nødvendigvis sunt å leve sitt liv i ei gruppe. Derfor har vi lagt inn ein ekstra post til støttekontakttenester til personer i bofellesskap.
Meir til dei som trenger det mest mind the gap!
Åsta Årøen
Komité for helse og sosial