Fylkestinget vedtok 10.desember budsjett for 2014. H/V/FRP sitt framlegg satsa på kollektiv, vidaregåande opplæring og kultur, og fekk fleirtal i fylkestinget.
«Vi er godt nøgd med heilskapen i budsjettet. Venstre har fått gjennomslag for fleire av våre viktigaste enkeltsaker som tiltak mot fråfall i vidaregåande skule, fleire bussavgangar, innfartsparkering og tilrettelegging for el-bilar», seier gruppeleiar Mona H Hellesnes.
«Det har og vore viktig for oss å få på plass ei støtteordning for kulturminneplan i kommunane, og auka støtte til tilrettelegging for friluftsliv og fysisk aktivitet.»
Satsing på vidaregåande opplæring
I V/H/FRP sitt framlegg som vart vedteke i fylkestinget 10.desember styrka ramma for den vidaregåande skulen med 11 millionar kroner. I tillegg kjem tiltak mot fråfall som produksjonsskule, auka satsing på vekslingsmodellen og studieverkstad, som gjer ei total satsing på 21 millionar kr til utdanning i 2014.
"Eg er veldig nøgd med at budsjettet aukar ramma til skulane med 21 millionar, eit viktig steg i retning av målet om 80% gjennomføring innan 2015" seier Bjørnar Hamre , medlem av Opplærings- og helseutvalet.
Miljø og klima for framtida
Pendlar/innfartsparkering er eit satsingsområde for dette budsjettframlegget. Befolkningsveksten i Bergensregionen krev auka satsing på tilrettelegging for bruk av kollektivtrafikk, både i bydelar og omegns kommunane.
"Her må det på plass eit spleiselag der kommunar og private aktørar er med på eit samspel. Det er veldig viktig at vi får til ei satsing på innfartsparkering slik at fleire kan få anledning til å nytta kollektivtransport" seier Mona Haugland Hellesnes.
Auka satsing på kollektivtransport betyr og auka ruteproduksjon, og for 2014 legg vi til grunn ei auke på 40 millionar. Dette er både til buss og båt 30 millionar til auka bussruteproduksjon samt 10 millionar til den nye båtruta Knarvik- Bergen. Her vil og nye kontraktar på dei andre hurtigbåtane i fylket gje både ei standardheving og mindre forureining når dei nye båtane vert sett i drift.
Ei viktig sak for Venstre i dette budsjettet var miljøknutepunkt Fjøsanger. Knutepunkt Fjøsanger vil verte ein stasjon for nullutsleppsbilar der ein samlar både hurtigladestasjonar og hydrogenstasjon. Tiltaket er eit samarbeidsprosjekt med private aktørar og Bergen kommune.
Det er sat av 5 mill kr til ei ytterlegare satsing på ladepunkt til elbilar, og nokre av desse midlane skal nyttast til miljøknutepunkt Fjøsanger.
Fylkesvegnettet i Hordaland slit med stort etterslep på vedlikehald og mindre rehabilitering. I forbindelse med budsjettforlik i Stortinget forventar Hordaland å få 70 millionar kr til standardhevingstiltak. Her vil vi løfte opp att vegar som vart utelete i rådmannens budsjettframlegg.
Breidde i kultursatsinga
Kulturminneplanar i kommunane er viktig for å redusere talet motsegner på arealsaker. Det vil bli ei tilskotsordning med 100 000 kr til alle kommunar som ynskjer å starte arbeidet, i tillegg til fagleg bistand.
Ei årleg ramme på 1 mill kr dei neste tre åra vonar vi at skal bidra til dei fleste kommunar får kulturminneplanar.
Museumsplanen er eit anna viktig område for Venstre og løyvingane for 2014 er auka på 200 000 til oppfølging av museumsplanen, slik at dette formålet no har ei samla løyving på 2,1 mill kr.
Vidare er det sett av 1 mill kr i 2015 til avdrag- og rentekostnader knytt til flytting av Hordaland Teater frå Stend til sentrum.
Friluftsliv og idrett i folkehelseperspektiv
Friluftssektoren får ei vesentleg styrking i 2014-budsjettet. Vestkystparken får auka sitt tilskot med 300 000, Bergen og Omland friluftsråd får auka sitt driftstilskot med 300 000 og får tilskot på 1 mill kr til kjøp av ny servicebåt, grunna utviding av virkeområde med to ny kommunar Kvam og Osterøy. Tilskot til idrettsanlegg i fylket får attende 1 mill på sin post.
“Satsing på folkehelse gjennom auke til friluftsliv og ny båt til BOF, samt ei årleg ramme satt av til kommunane slik at dei kan få på plass kommunedelplan for kulturminner er dei to moment eg vil trekke fram. Vi har gjennom det fått inn folkehelseperspektivet, og på sikt har vi mål om at framtidig planarbeid både i kommunane og fylket vert både enklare og sparer tid” seier Anne-Beth Njærheim, leiar av Kultur og ressursutvalet
Inndekning
Auka satsing på pendlar/innfartsparkering, ladestasjonar og framskynding av investeringsprosjekt på fylkesveg er dekka inn ved redusert overføring frå driftsbudsjett til investeringsbudsjett, dvs. endra nytte av 20,1 mill kr frå økt tilskot til fylkesvegnettet frå FrP/H-regjeringa.
Økt ramme til vidaregåande skule og enkeltpostar på kultur- og ressursområdet er i hovudsak dekka inn gjennom redusert avsetning til disposisjonsfond med 24 mill kr. Rest disposisjonsfond i 2014-budsjettet vert etter dette 12 mill kr.