Spørsmål om Bybane i Fylkesutvalet

Til dagens møte i Fylkesutvalet hadde Mona Haugland Hellesnes sendt inn spørsmål til fylkesordføraren om Bybanen. Som ei oppfølgning av svaret som vart gitt, vart det levert eit oversendingsforslag til fylkesrådmannen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Spørsmål til fylkesordføraren til fylkesutvalet 5. desember:

Dei to største partigruppene i Bergen bystyre, Høgre og Arbeidarpartiet, har handsama saka om traseval for bybanen til Åsane, og går inn for tunellalternativ.
1. Får det konsekvensar for framdriften i utbygginga i alternativa med og utan forlenga Fløyfjellstunell?
2. Kan tunelløysingane som nemnd i spørsmål ein få konsekvensar for ein bymiljøavtale og for utbyggingsorganisasjonen vår for bybane, og i so fall kva for konsekvensar?

Utkast av svar
Dersom Bergen Bystyre følgjer anbefaling frå lokallaga i Høgre og Arbeiderpartiet, slik vi kjenner dei frå pressa, kan dette ha konsekvensar for både framdrift og finansiering.

Les heile svaret her.

Oversendingsforslag til fylkesrådmannen, frå Venstre v/Mona H Hellesnes:

Fylkesutvalet ber om ei kvalitetssikring av kostnadane med bybane til Åsane, for det traseal-ternativet som lokallaga i Arbeiderpartiet og Høgre i Bergen, og fleirtalet Høgre si bystyre-gruppe har gått inn for. Kvalitetssikringa kan gjerast på bakgrunn av tilgjengeleg informasjon i dei ulike utgreiingane, og dei politiske vedtak som ligg føre i saka.

Grunngjeving:
Dersom dette vert det endelege trasevalet for bybanen til Åsane, vil det få økonomiske kon-sekvensar Hordaland fylkeskommune. Desse bør så langt som råd vere kjent.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**