Utopi å tru at samfunnet kan bli narkofritt

Visjonen om eit narkofritt samfunn hindrar at rusmisbrukarar får den hjelpa dei treng, meiner Venstre, og vil melde Bergen ut av European Cities Against Drugs.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Les heile saka på NRK Hordaland.

Horn5

Foto: Mathias Fischer

Det meiner Venstre i Bergen. Partiet har sterke meiningar om det dei meiner er feilslått narkotikapolitikk. No tar venstrerepresentant Erlend Horn til ordet for å trekkje Bergen frå det europeiske nettverket, ECAD , samarbeidsorgansisasjonen som har ein visjon om narkotikafrie samfunn.

— Problemet er at det målet står i vegen for tiltaka. Og det ser vi igjen og igjen i Bergen. Argumentet som blir brukt mot sprøyterom er at vi då gir opp målet om det narkotikafrie samfunn. Det målet er heilt utopisk, og det skader meir enn det hjelper, seier Horn, som hevder medlemskapet i ECAD øydelegger narkotikapolitikken i Bergen.

— Medlemskapet er ødeleggjande for den narkotikapolitikken vi bør ta mål av oss å ha i Bergen. Nemleg ein politikk som set skadereduksjon i fokus, seier Horn, som kommer til å fremme forslag om å trekke kommunen fra ECAD på neste bystyremøte.

Rusomsorg

Foto: Mathias Fischer

Må ikkje gjera livet vanskelegare
Venstre vil at Bergen byter side, og sluttar seg til Frankfurt-resolusjonen. Der har byar som Amsterdam, Zurich og Frankfurt gått inn for ein politikk som i mindre grad kriminaliserer bruk, og i større grad prøvar å redusere plagene til rusavhengige.

— Vi må rett og slett stikke fingeren i jorda, og sørge for at flest mogleg får tilbod om å komme seg ut av dette. Men dei som ikkje klarer det, må vi ikkje gjera livet vanskelegare for, seier Erlend Horn.

To motpolar i narkospørsmål
ECAD (European Cities Against Drugs) og Frankfurt-resolusjonen er to heilt ulike nettverk som representerer dei viktigaste motpolane i korleis handtere problema rundt narkotika. Det meiner Svanaug Fjær, som er instituttleiar ved Universitetet i Stavanger.

— Den konflikten kjem først og fremst til syne når det gjeld skadereduserende tiltak. Dei som fortsatt ønskjer å oppretthalde målsettinga om det narkotikafrie samfunnet, er mykje meir skeptisk spesielt til det med sprøyterom, og bruk av stoff på ein mindre skadeleg og risikofylt måte, seier Fjær.

Gruppeleiar for KrF, Marita Moltu, seier ikkje overraskande nei til framlegget frå Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**