-Dette er aktuelt på grunn av arbeidet med å utarbeide ny områdeplan for Bø, og som følgje av salet av Hordabøheimen i haust, seier Frode Hervik, Radøy Venstre sin gruppeleiar.
Det vert lagt opp til ein spennande planprosess frå kommunen si side.
-Endå betre vil resultatet verte, dersom ein kan kombinere dette med å setje av midlar til ei nærmiljøsatsing på bakgrunn av dei innspela som kjem frå innbyggjarane. Radøy Venstre foreslår derfor 350.000 til dette i vårt framlegg til budsjett, seier Hervik.
Dette vert foreslått finansiert med 200.000 frå posten mindre investeringar og 150.000 frå prosjektering av kommunale bustader. Seinare i økonomiplanperioden legg Radøy Venstre opp til tilsvarande tiltak på Manger, Sletta og Sæbø.
-Førebels har ingen andre parti støtta framlegget, men diskusjonane i samband handsaminga i formannskapet dreidde seg berre i mindre grad om investeringssida. Det er med andre ord ikkje for seint å snu for dei andre partia for å støtte dette gode framlegget, som tek sikte på å fremje trivelege nærmiljø og attraktive lokalsamfunn, seier Hervik.
-Dersom det vert sett av slike midlar kan dei til dømes nyttast til nærmiljøanlegg for idrett, gjere den kommunale kaien til ein triveleg møteplass for innbyggjarane eller tur/gangveg ved Bøtjødna. Avgjerande for Radøy Venstre er det kva tiltak innbyggjarane vil prioritere. Det er godt mogleg at ein også kan søkje om eksterne midlar til dette, seier Hervik.
-Salet av Hordabøheimen til Radøy Bemanning tidlegare i haust inneberer at det må gjerast trafikkale grep i området for å sikre betre og tryggare trafikkavvikling. Dei reguleringsmessige utfordringane dette reiser må sjåast i samanheng med områdeplanarbeidet, seier Hervik.
Radøy Venstre har derfor fremja følgjande tekstforslag til budsjettet:
“Det vert lagt til grunn at trafikkale problem som oppstår som følgje av sal av Hordabøheimen vert løyst. Ein må mellom anna sikre ny adkomst, slik at ein slepp å køyre gjennom byggefeltet for å kome til bygget. Veglys og fortau vert etablert i tråd med innbyggjarane sine ynskje. Det vert lagt til grunn at kjøpar bidrar til finansieringa av ny adkomst. Kommunal finansiering vert vurdert gjennom bruk av budsjettpostane kommunale vegar og trafikksikring.”
-Når det gjeld tekstframlegga, vart det ikkje teke stilling til dei i formannskapet si innstilling, så det er berre å oppmode dei andre partia i kommunestyret om å støtte dette framlegget, samt andre gode framlegg fremja av Radøy Venstre. Så skal me ta ein grundig gjennomgang av tekstframlegga fremja dei andre, og vurdere kva me vil støtte, avsluttar Hervik.
Saka har redaksjonell omtale i Strilen laurdag 30.11.