Nei til omfattande skulekutt

Radøy Venstre kunne ikkje stille seg bak rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2014, fordi det vart lagt opp til altfor store kutt i drifta av skulane. I staden foreslo Venstre mellom anna å kutte ei rådgjevarstilling i administrasjonen for å finansiere eit betre skulebudsjett, men dessverre vart dette nedstemt, skrive Frode Hervik, gruppeleiar i Radøy Venstre, i eit lesarinnlegg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Radøy Venstre kunne ikkje stille seg bak rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2014, fordi det vart lagt opp til altfor store kutt i drifta av skulane. I staden foreslo Venstre mellom anna å kutte ei rådgjevarstilling i administrasjonen for å finansiere eit betre skulebudsjett, men dessverre vart dette nedstemt. Av dei andre partia var det berre Høyre som var på same spor som oss, medan resten med ordførar Jon Askeland i spissen prioriterte administrasjon framfor skuledrift. Dette er sjølvsagt ei ærleg sak. Politikk handlar om å prioritere.

Kutta på 1,6 millionar for 2014 er berre halvårsverknad, fordi skuleåret som kjent ikkje følgjer kalenderåret. Heilårsverknad av nedtrekket vert såleis på heile 3,2 millionar. Per dags dato veit ikkje me som er politikarar konsekvensane av eit så pass stort kutt, fordi rådmannen i sitt budsjettframlegg seier at ein skal koma tilbake til dette gjennom endringar i tildelingsmodellen til skulane. Ein treng likevel ikkje å vere rakettforskar for å forstå at kutta vil få konsekvensar for undervisninga. Storparten av driftsbudsjettet til skulane er bunde opp i løn til lærarane, og konsekvensen av kuttet vert etter alt å døme færre lærarar. Såleis vert det færre lærarar per elev, noko som raskt kan kome til å gå utover spesialundervisninga til elevar med særskilte behov. Dette er Radøy Venstre uroa over.

Ein del av kuttframlegga i rådmannen sitt budsjettframlegg var også å ta vekk MOT-satsinga. MOT er ein haldningsskapande organisasjon med fokus på å fremje trygge ungdomsmiljø. Dei møter elevane 14 gonger i løpet av ungdomsskulen gjennom ulike undervisningsopplegg, og har dokumenterte resultat: MOT har ein positiv effekt for ungdomane sin sjølvtillit, optimisme og mot, og beskyttar mot dei mest negative utslaga i ungdomstida. Sist men ikkje minst: MOT bidrar til å redusere mobbinga i skulen. Samanlikna med MOT-skular opplever 57 % fleire å bli mobba ein gong i veka eller meir i 10.klasse i landsgjennomsnittet.

På denne bakgrunn vil Radøy Venstre føre vidare samarbeidsavtalen med MOT til ein kostnad på 42.000, men er villig til hente inn ein effektiviseringsgevinst ved å nytte ungdomskoordinatoren meir inn i MOT-arbeidet. Å spare 42.000 på førebyggande, haldningsskapande arbeid, kan resultere i at ein skyt seg sjølv i foten: Kutt i desse midlane kan i løpet av nokre år generere større utgifter. Då er det etter vår oppfatning ikkje ei spesielt klok avgjersle. Førebels er me åleine om å meine det blant partia. Politikk handlar om å prioritere, og Radøy Venstre prioriterer barn og unge.

Frode Hervik,
Gruppeleiar, Radøy Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**