Radøy Venstre sitt budsjettframlegg for 2014

Radøy Venstre foreslår i sitt budsjettframlegg for 2014 å styrke skulebudsjettet og legg inn nye investeringar på Bø samanlikna med rådmannen sitt framlegg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Radøy Venstre kunne ikkje stille seg bak rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2014, fordi det vart lagt opp til altfor store kutt i drifta av skulane. I staden foreslo Venstre mellom anna å kutte ei rådgjevarstilling i administrasjonen for å finansiere eit betre skulebudsjett.
-Dessverre vart dette nedstemt. Av dei andre partia var det berre Høyre som var på same spor som oss, medan resten med ordførar Jon Askeland i spissen prioriterte administrasjon framfor skuledrift. Dette er sjølvsagt ei ærleg sak. Politikk handlar om å prioritere, seier Frode Hervik, gruppeleiar i Radøy Venstre.

For 2014 foreslår Radøy Venstre investeringstiltak på Bø.
-Det vert lagt til grunn at trafikkale problem som oppstår som følgje av sal av Hordabøheimen vert løyst, og dessutan vil me setje av 350.000 til nærmiljøtiltak i samband med ny områdeplan, seier Hervik.

I framlegget heiter det at ein må mellom anna sikre ny adkomst, slik at ein slepp å køyre gjennom byggefeltet for å kome til bygget. Veglys og fortau vert etablert i tråd med innbyggjarane sine ynskje. Det vert lagt til grunn at kjøpar bidrar til finansiering av ny adkomst. Kommunal finansiering vert vurdert gjennom bruk av budsjettpostane kommunale vegar og trafikksikring.

I økonomiplanperioden 2015-17 legg Radøy Venstre opp til bruk av investeringsmidlar til oppgradering av uteområde og gymsal på Manger skule, samt midlar til nærmiljøtiltak på Manger, Sletta og i Sæbø. Vidare foreslår Radøy Venstre midlar til realisering av ny plan for idrettsanlegg, nærmiljø og friluftsliv.

Framlegg frå Radøy Venstre budsjett 2014

Drift:
750.000 vert overført frå Felles oppvekst/sentraladministrasjonen (stilling som rådgjevar oppvekst) til drift skule.
100.000 vert overført frå Kyrkja til drift skule. Nedtrekket vert såleis redusert med 850.000 til nedtrekk på 750.000.
42.000 vert overført frå Kyrkja til samarbeidsavtale med MOT (ein opprettheld samarbeidsavtale med MOT, men fjernar stillinga som MOT-koordinator gjer dette til ein del av ungdomskoordinatorstillinga).

Investering:
150.000 vert overført frå posten kommunale bygg/bustader til nærmiljøtiltak Bø.
200.000 vert overført frå posten mindre investeringar til nærmiljøtiltak Bø.

Tekstframlegg:
Konkurranseutsetting av IKT og revisjonstenester vert utgreidd med sikte på å synleggjere om det ligg eit potensial for innsparing innanfor desse områda. Sak om dette vert levert til politisk handsaming innan juni 2014.

Det vert lagt til grunn at folkehelsearbeidet i Radøy kommune skal fortsetje med aktiv deltaking i partnarskapen for folkehelse og utløysing av fylkeskommunalt tilskot. Rådmannen vert bedd om å vurdere å nytte rådgjevar for helse som folkehelsekoordinator.

Radøy kommune har behov for fleire bustader til bustadsosiale føremål for ulike grupper. Rådmannen vert bedd om å få til løysingar på dette gjennom eit samarbeid med private aktørar og Husbanken.

Prisane på leige av Radøyhallen (idrettshall/symjebasseng) vert differensiert slik at det vert noko billigare for barn og unge og noko dyrare for vaksne. Rådmannen kjem tilbake med eiga sak på dette våren 2014, jamfør tekstforslag vedteke i samband med budsjett for inneverande år.

Bruken av posten nærmiljøtiltak Bø må sjåast i samanheng med utarbeiding av ny områdeplan.
Det vert lagt til grunn at trafikkale problem som oppstår som følgje av sal av Hordabøheimen vert løyst. Ein må mellom anna sikre ny adkomst, slik at ein slepp å køyre gjennom byggefeltet for å kome til bygget. Veglys og fortau vert etablert i tråd med innbyggjarane sine ynskje. Det vert lagt til grunn at kjøpar bidrar til finansiering av ny adkomst. Kommunal finansiering vert vurdert gjennom bruk av budsjettpostane kommunale vegar og trafikksikring.

Radøy kommune skal vere aktiv med omsyn til å setje i gong prosjekt og søkje ekstern medfinansiering. Spesielt viktig er det å setje i gong prosjekt knytt til nærings- og tettstadutvikling med finansiering frå næringsfondet. Det må også leggjast opp til eit tettare samarbeid med private lag og organisasjonar om å søkje midlar til samfunnsnyttige føremål (t.d. turstiar) hjå private stiftingar, som t.d. Gjensidigestiftelsen og Sparebanken Vest.

Økonomiplanen 2014-2017
Posten Helsehuset 2016 og 2017 vert redusert med 4 millionar. 2 millionar vert overført frå 2017 til 2015. Posten mindre investeringar vert redusert med 200.000 i heile økonomiplanperioden. Midlane vert nytta slik:
2015:
500.000 til oppgradering av uteområdet på Manger skule, inkludert ballbinge.
850.000 til nærmiljø- og friluftsanlegg (oppfølging av ny kommunedelplan for Idrett, nærmiljø og friluftsliv).
350.000 til nærmiljøtiltak Manger.
150.000 til nærmiljøtiltak Sletta.
150.000 til nærmiljøtiltak Sæbø.

2016:
2,6 mill. til oppgradering av gymsal og garderobar, samt tilpassing til bruk til kulturføremål, Manger skule.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**