Å skyve vekk dei elevane som nå er tatt med for narkotikabruk er truleg den dårlegaste løysinga vi kan velje. Nå må skolen ta vare på desse ungdommane, og gå inn i samarbeid med ungdomsteamet i Arendal kommune og Politiet, sier Kløvstad, som viser til at kommunen står klar. Arendal kommune har tilbode Aust-Agder fylkeskommune å vere med – til og med gratis i den store Ungdata-undersøkinga i 2012, men fylkeskommunens administrasjon takka nei. Når rusproblema nå har kome overraskande på fylkesadministrasjonen har det dessverre ganske enkelt samanhang med at det ikkje var vilje til å skaffe seg denne kunnskapen.
-Arendal kommune har eit grundig og vidtrekkande samarbeid mellom politiet, ungdomsteamet og andre i kommunens hjelpeapparat og forebyggande arbeid. Dette samarbeidet sit med store kunnskapar. I staden for å vere med i dette samarbeidet som vil gi viktig kunnskap om kva som er problema, kor problema er, korleis vi i fellesskap skal arbeide for å løyse problema, har Sam Eydes videregående skole valt å lage sin eigen rusplan, heilt utan kontakt og samarbeid med det miljøet som i mange år har opparbeidd seg stor kunnskap. Nå må vi samarbeide, og vi inviterer fylkeskommunen og dei vidaregåande skolane i Arendal inn i samarbeidet, seier Jan Kløvstad.
Når det gjeld straffereaksjonar mot elevar er det viktig å ta vare på ungdommane. Einaste grunnlaget eg ser for utvisning er elevar som har begått overgrep mot andre elevar, har kome med truslar mot andre elevar eller er aktive seljarar og distributørar av dop. Det må vere ei klar hovudmålsetting av flest mogleg skal fullføre vidaregåande skole, for å vere betre rusta til vaksenlivet etterpå. Det er inga løysing for samfunnet å kaste ut elevar. Da blir kanskje problemet mindre på skolen der og da, men ikkje for den enkelte ungdomen.
Sam Eyde er ein stor skole, og det er både små og store ungdomsskolar i Arendal. Ungdata-undersøkelsen og kunnskapen i ungdomsteamet vårt viser at det ikkje er noen samanhang mellom rusproblem og kor store eller små skolane er. Problema dukkar opp i alle skolane noen gonger her og der. Ei verkeleg stor utfordring er overgangen frå ungdomsskole til vidaregåande skole. Der har Arendal kommune svært gode erfaringar med ei ordning med ungdomslos, som Venstre nå arbeider hardt for å få inn i Arendalsbudsjettet for 2014. Ei slik ungdomslosordning kostar pengar, men alternativet er så mykje, mykje dyrare både på kort og lang sikt.
Agderposten skriv også om saka.