Ordførarar: – Viktige gjennomslag for kommunane

Dagens budsjettforlik på Stortinget betyr gjennomslag for kravet frå Venstres ordførarnettverk om å stoppe statlege kutt i kommunene sine tenester til dei mest hjelpetrengande brukarane. Venstre og Krf har fått gjennomslag for 214 mill NOK ekstra til dei såkalla «ressurskrevjande tenestene» i kommunene.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

 Venstre tek kommunane sin situasjon på alvor, seier ordførar Alfred Bjørlo (Eid).

Venstre tek kommunane sin situasjon på alvor, seier ordførar Alfred Bjørlo (Eid).

– Dette er svært positivt både for kommuneøkonomien og for kommunene sine muligheter til å hjelpe dei som treng hjelpa aller mest, seier leiar for Venstres ordførarnettverk, Alfred Bjørlo. – Alle Venstre sine 48 ordførarar og varaordførarar har gått saman om å fronte denne saka opp mot Venstre si stortingsgruppe, og eg er svært glad for å sjå at vi har vunne fram i budsjettforliket som er lagt fram på Stortinget i dag.

– Det er også svært gledeleg at Venstre og Krf har fått gjennomslag for å hindre at kommunene får ei ekstrarekning på 120 millionar kroner til busetjing av einslege mindreårige asylsøkarar, slik H/Frp-regjeringa hadde foreslått. – I ei tid då vi meir enn nokon gong treng godt lagspel og statleg ryggdekning til dei av kommunene som tar ansvar for å busetje mindreårige asylsøkarar, er Venstre og Krf sitt gjennomslag på dette punktet svært viktig, seier Alfred Bjørlo.

– Alt i alt syner dette at Venstre og Krf tek kommunane sine situasjon på alvor, og prioriterer å hjelpe dei mest utsette gruppene. Det styrker lokaldemokratiet og det sosiale ærendet i poltikken, seier Alfred Bjørlo.

Kontakt: Alfred Bjørlo
Mobiltlf +47 480 82 652

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**