Uttalelse: Møre og Romsdal treng fleire ladepunkt for elbilar

For å betre miljøet og for å følgje med i utviklinga, må Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med alle kommunane arbeide for å opprette minst eitt hurtig- og semiladepunkt i kvar kommune innan 2015. Ei anna målsetting må vere at minst 20 prosent av offentlege parkeringsplassar skal ha normalladepunkt innan 2020.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Nissan hurtiglader for elbil

Foto: Nissan

Vi veit at Møre og Romsdal fylke i samarbeid med andre vestlandsfylke jobbar for at det skal vere mogeleg å køyre heile Vestlandet (E 39) med elbil. Difor etablerer fylket hurtigladepunkt i Volda, Ålesund og Molde. Miljøutvalet har ei målsetting om at ingen i fylket skal bu meir enn 5 mil frå ein hurtigladar innan 2020. Utvalet går også inn for at det vert arbeidd for at det vert bygd ut normalladarar (vanlege straumkontakter) ved offentlege bygg og ved kollektivknutepunkt. Desse målsettingane er ikkje ambisiøse. Møre og Romsdal bør leggje seg på same målsetting som Hordaland. Dei vil at minst 20 prosent av offentlege parkeringsplassar skal ha ladepunkt innan 2020.

I tillegg til at fylkeskommunen engasjerer seg, må kvar einskild kommune på banen og i samarbeid med næringslivet få etablert hurtigladepunkt/semiladepunkt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**