Nei til eigedomsskatt

Pål Grødahl vil stå på lovnaden han gav før kommunevalet: Ulstein Venstre vil ikkje innføre eigedomsskatt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I eit intervju med Vikebladet Vestposten seier Pål rødahl at Ulstein Venstre alt har hatt medlemsmøte der dei diskuterte både eigedomsskatt og betalingsavgift i sentrum. Dette var noko medlemene deira var klare på at dei ikkje ville ha. I tillegg til at Grødahl er imot eigedomsskatt sjølv, synest han det er viktig å halde fast på standpunktet partiet hadde før valet. Det skuldar ein veljarane sine, sånn han ser det.

Redd bedriftene blir råka
Rådmannen gjer framlegg om å innføre eigedomsskatt for private husstandar frå 2016, med to promille av likningsverdi. Det vil seie i snitt rundt 3000 kroner for kvar einebustad. Men Grødahl fryktar at om politikarane først innfører eigedomsskatt for private, kan dei også finne på å innføre eigedomsskatt for næringslivet.

— Kva er det som er så gale med eigedomsskatt?
— Det er ein ekstraskatt som er unødvendig både for bedrifter og privatpersonar. Det er føreslege å innføre denne skatten i ei låg grad no, men det opnar for å auke skatten etter kvart, svarer Grødahl.

Han fryktar at om kommunen blir dårleg drifta og dei kommunale utgiftene aukar, vil politikarane sjå seg nøydde til å skru opp eigedomskatten så han blir langt høgre enn det som no blir førespegla.

Alternativt budsjett
Ulstein Venstre vil levere framlegg til eit alternativt kommunebudsjett. Der er det korkje med eigedomsskatt, parkeringsavgift eller Arena Ulstein. Det er ingen hemmelegheit at Ulstein Venstre er skeptisk til å bruke store summar på Arena Ulstein (som no er kostnadsrekna til 224 millionar kroner). Dei vil heller rehabilitere eksisterande anlegg.

— Kanskje kommunen har råd til å byggje Arena Ulstein om fem år? Då kan me gjere det, seier venstremannen.

No vil Venstre heller prioritere å skule og eldreomsorg.
Om kommunen byggjer Arena Ulstein vil det også påverke betalingsavgift på parkering, noko Venstre også er i mot.

Ber inn til folkemøte
Ulstein Venstre vil be inn til eit ope folkemøte om eigedomsskatt torsdag 14. november. Dei vil gjerne ha med seg dei andre partia på eit slikt møte. Der kan innbyggjarane i kommunen få sleppe til å seie kva dei meiner om innføring av eigedomsskatt.

Kilde: Vikebladet Vestposten/Ingvild Aursøy Måseide

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**