Hordaland fylkesutval har i dag løyvd 500 000,- til eit forprosjekt for lokalisering av Hordaland teater i sentrum.
Det er veldig gledelig at ein no er kommen så langt. Eg vonar dette er starten på ei etablering av ei skikkelig nynorsk teaterscene i Bergen sentrum, seier Mona Haugland Hellesnes
Forprosjektet vil forhåpentlegvis gje grunnlag for ei flytting i løpet av 1 års tid, gitt statleg medverknad i ei eller anna form.