Glad for vidare el-bil satsing

Mona Haugland Hellesnes er veldig nøgd med at det vert satsa vidare på el-bil infrastruktur i Hordaland.
Fylkesutvalet vedtok i dag at Hordaland og i 2014 skal satse på el-bilar og infrastruktur.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Mona Haugland Hellesnes er veldig nøgd med at det vert satsa vidare på el-bil infrastruktur i Hordaland.

Fylkesutvalet vedtok i dag at Hordaland og i 2014 skal satse på el-bilar og infrastruktur for el-bilar.

Hordaland, og Bergen i sær har meir enn dobla salet av el-bilar det siste året, så det er heilt klart at behovet for eit utbetra ladetilbod.

Venstre ser på utviklinga som både positiv og viktig og vil kjempe vidare for ein betra infrastruktur, med fokus både på hovudvegnettet med hurtigladestasjonar langs vegen. Parkeringsanlegg og burettslag er i ferd med å bli flaskehalsar som det og er viktig å utbetre.

Hordaland fylkeskommune har i dag eit godt samarbeid med Bergen, nabofylka og organisasjonar som jobbar med desse utfordringane dagleg.

El-biler i Oslo

Foto: Norsk elbil-forening

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**