I fylkesutvalet i dag støtta Venstre fylkesrådmannen si innstilling og stemte for at Bybanen retning Åsane skal gå langs Bryggen.
Dette er ei vanskelig og komplisert sak men i det forslaget som vart lagt fram ligg det og element som forsvarer kulturminnevern på ein fornuftig måte. Dette har vært viktig for at eg til slutt valde å gå for alternativet med Bybanen langs Bryggen, seier Mona Haugland Hellesnes
Den nyaste informasjonen som ICOMOS kom med denne veka tilsa at det tryggaste valet er å legge Bybanen langs Bryggen. Her har ein vurdert viktige element som kulturminnevern og har funne at Bybanen ikkje nødvendigvis vil skade Bryggen.
For Venstre er og det at ein har med i tilrådinga at både batteridrift og andre energikjelder vil verte vurdert vore eit viktig poeng.
Bybane langs Bryggen vil og kunne ha eit byutviklingselement, og det er viktig at dette vert ein positiv del av Bybane utviklinga.