Dekkan er priviligerte, Skarphedin!

På sist kommunestyremøte gjekk Kristin Vestgarden på talarstolen og heldt dette innlegget. Bakgrunnen er at Skarphedin idrettslag har ei gullkanta avtale med kommunen når det gjeld drift av Sandvoll. Avtala er eit resultat av ei bindande kontrakt som vart underskrive lang tid tilbake.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Eg håpar verkeleg at Idrettslaget Skarphedin , fotballgruppa spesielt, veit og forstår kor privilegerte dei er. I ei slunken, for ikkje å si tom kommunekasse, har dei altså forhandla fram ei avtale der dei skal få kr 320 000 i driftsstøtte til Sandvoll idrettsanlegg; 32 000 pr år i 40 år. I dagens kroneverdi er det totalt kr 13 000 000. Dei er den einaste frivillige organisasjonen i kommunen som har klart å få til ei slik avtale. Eg håper verkeleg at Skarphedin for dei pengane veit å gje eit tilbud til resten av bygda, og at så mange barn og unge som muleg kan få nytte av banen.
Eg tilhøyrar sjølv den organisasjonen som på andre sida av vegen er eigar av Sandvin ungdomshus, og som ikkje har fått ei krone til drift av lokalet på mange år. Der held me hus og uteområde i hevd med dugnad og inntekter frå ulike arrangement i løpet av året. Det er ikkje spesielt for min organisasjon, dei fleste frivillige organisasjonane i Bø gjer det på den måten.

Eg sit her i kommunestyret og seier til dei eldre at me må legge ned avdeling A på sjukeheimen. Me må spare.
Eg seier til dei som arbeider i omsorgstenesten, du må springe fortare. Me må spare.
Eg seier til dei svakaste elevane på skulen at me må ha større klasser og me må ta vekk enkeltvedtak. Me må spare.
Eg seier til dei som ferdast på farlege skulevegar, du må bare vera forsiktig, me har ikkje råd til skuleskyss. Me må spare.
Eg seier til dei som har behov for hjelp på NAV og i psykiatrien, at me må ta vekk stillingar. Me må spare.
Og så sit eg altså i kommunestyret og seier at Skarphedin skal få kr 320 000 i året for å kunne få legge kunstgrasbane på sin fotballbane.

Til slutt:
Eg stolar på at kommunen sitt forhandlingsutval har fått til den beste avtalen dei kunne under dei føresetnadane dei hadde, og at den avtalen som nå ligg på bordet, er grei. Eg ville aller helst stemt blankt i denne saka, men forstår at det kan eg ikkje. Eg skal nå gå ned på plassen min og tenke over om eg skal stemme ja eller nei til foreslått vedtak.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**