Grønt skifte i gang

Det grøne skiftet er i gang. Eit mylder av ulike prosessar og initiativ, på kryss av land og sektorar, driv utviklinga sakte, men sikkert bort frå det fossile, sa Terje Breivik under trontaledebatten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Eit knippe konkrete eksempel illustrerer dette godt:

Kostnadane med å produsera straum frå sol og vind har gått ned med 68 pst. og 30 pst. i perioden 2005—2012.

Fornybarproduksjonen aukar. I 2012 utgjorde fornybare energikjelder nesten 70 pst. av all ny produksjonskapasitet i EU. Tilsvarande tall for USA er 50 pst.

Kina oppskalerte i sommar kapasitetsmålet for solenergi frå 5 Gigawatt til 35 Gigawatt innan 2015.

Det globale elbilsalet meir enn dobla seg frå 2011 til 2012, til 113 000 køyretøy i 2012. Målet er 20 millionar bilar innan 2020. Både EU, USA og Kina har innført krav om meir drivstoffgjerrige køyretøy.

Finansinstitusjonane seier nei til kol. I løpet av sommaren har det amerikanske eksportkredittrådet, Verdsbanken og Den europeiske investeringsbanken bestemt seg for ikkje lenger å finansiera kolkraftverk. Gass vert pressa av fornybar, som vert stadig billigare og har forrang i straumnettet.

Europeiske energigigantar tapar stort på fossile kraftverk, og fleire har kunngjort at dei vil stengja ned eit betydeleg tal fossile kraftverk i tida som kjem.

Paradigmeskiftet frå fossil til fornybar er utvilsamt i gang. Dei neste fire åra vil avgjera om Noreg vert med på vinnarlaget eller ikkje — i skarp og, i denne samanhengen, kjærkomen konkurranse med gode naboar.

EU er i rute med målet om minst 20 pst. fornybart innan 2020 og er alt i gang med målsettingane fram mot 2030. Tyskland går i spissen for omstillingane. På kort tid er dei oppe i 23 pst. fornybar straum. Målet er 35 pst. innan 2020 og 80 pst. innan 2050.

Danmark vedtok i fjor at landet skal vera 100 pst. fornybar innan 2050.

Nye teknologiar og energiberarar som erstattar fossil energi, medfører nye moglegheiter for norsk industri og norske teknologiutviklingsmiljø. Berre for offshore vindkraft er det venta at investeringane vil auka til 130 mrd. euro innan 2020.

Ny teknologi vil erstatta fossil energi med fornybar energi på stadig nye område. Skal verda koma i nærleiken av dei utsleppsreduksjonane som 2-gradarsmålet krev, vert fornybar energi ein knappleiksressurs berre i løpet av 10—20 år.

Knekk Noreg ulike teknologikodar innan fornybarområdet, som lønsam havvind, pumpekraft, jordvarme, industriell storskalaproduksjon av hydrogen, for å nemna nokre, kan det vera gjennombrot som bidreg til at Noreg tek vare på posisjonen som energistormakt også i den fornybare tidsalderen.

Noreg har eit moralsk ansvar som rik energinasjon for å leda an i omstillinga til lågkarbonsamfunnet, og me kan utgjera ein forskjell. Samtidig har me sterk eigeninteresse i å posisjonera oss rett når det gjeld ei framtid med mindre fossilt brennstoff. Tek me grep no, vil det grøne skiftet gi leverandørindustrien, prosessindustrien, eksisterande og nye energiprodusentar, forskingsmiljø og teknologigründarar enorme vekstmoglegheiter.

Det borgar for eit fruktbart samarbeid når regjeringa, med utgangspunkt i samarbeidsavtalen med Venstre og Kristeleg Folkeparti understrekar viktigheita og behovet for at klimaforliket vert forsterka, og at forsking og teknologiutviklingsinnsatsen må styrkast.

Venstre kjem på dette området til å vera eit konstruktivt opposisjonsparti, med eit arsenal av konkret politikk og løysingar. Kor krevjande me vert opplevde å vera kjem heilt an på graden av praktisk vilje og handling regjeringa viser i å følgje opp eigne formuleringar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**