Det skal løne seg å jobbe

I samarbeidsavtalen mellom dei borgarlege partia og i regjeringsfråsegna frå Høgre og Framstegspartiet heiter det at det skal løne seg å jobbe. Dette er eit grunnleggjande prinsipp som det blir nødvendig å hegne om og styrke dei neste åra, sa Sveinung Rotevatn under trontaledebatten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Men prinsippet må jo også bli til handling.

I den siste perspektivmeldinga går det fram at framtida til velferdsstaten vår er utrygg, i beste fall. I 2012 var vi 4,5 person i yrkesaktiv alder per pensjonist i dette landet. Men allereie i 2060 vil talet vere nede i 2,5. Då seier det seg sjølv at vi er avhengig av at fleire enn i dag får ein fot innafor arbeidslivet, og at vi alle jobbar meir og smartare.

Sjølv om Noreg har ei relativt høg sysselsetting, er det få av oss som jobbar mykje. Om vi justerer for deltid, er den norske sysselsettingsgraden 61 pst., mot eit OECD-gjennomsnitt på 66 pst. Vi ligg lågast i Norden.

Om ein ser slike tal i samanheng med at vi brukar heile 4,8 pst. av vårt BNP — 1 av 20 tente kroner — på sjukeløn og tidleg pensjon, det også i toppen i OECD, er det klart at vi har å gjere med eit reknestykke som ikkje går opp.

Venstre vil sørgje for at det løner seg å jobbe — også i praksis. I arbeids- og sosialpolitikken kjem eg og Venstre til å følgje den nye regjeringa tett. Særleg når det kjem til arbeidsmiljølova, ser vi eit stort behov for reform. Folk lev ulike liv, og dei lev også ulike arbeidsliv. Det må lovverket ta høgde for.

Venstre vil liberalisere reglane for gjennomsnittsberekning av arbeidstid, slik at ein kan jobbe meir i kortare periodar, for å jobbe mindre i andre periodar.

Vi vil likestille reglane for staten og dei private når det kjem til midlertidige tilsettingar, slik at det blir enklare å få ein fot innafor arbeidsmarknaden.

Vi vil leggje betre til rette for alternative turnusordningar, der det er einigheit om det lokalt.

Så lenge mellom 600 000 og 800 000 menneske i arbeidsfør alder står utanfor arbeidslivet vårt, kan vi ikkje tillate oss å vere fornøyde med status quo.

Vi må leggje betre til rette for det moderne arbeidslivet og endre lovverket tilsvarande.

Venstre har gått til val på eit offensivt program, for å sikre tryggleik og fleksibilitet i arbeidslivet, og for å sikre ein berekraftig velferdsstat, der det alltid løner seg å jobbe. Vi håpar at den nye regjeringa vil spele på lag med oss i dette arbeidet framover.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**