Har du innspel til valnemnda?

Hordaland Venstre si valnemnd er no i gang med sitt arbeid fram mot fylkesårsmøtet. Dei tek gjerne imot innspel på namn fram til 10. november.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


På fylkesårsmøtet 8. – 9. februar 2014 skal det veljast nytt fylkesstyre i Hordaland Venstre, med varamedlemer, der alle posisjonar i styret er på val.

Det skal óg veljast landsmøteutsendingar.

Ønskjer du å melde di interesse for eit styreverv i Hordaland Venstre, har du innspel på namn til styret eller til lista over landsmøteutsendingar, eller har du anna du ønskjer å melde til valnemnda? Send ei e-postmelding til fylkessekretæren på [email protected]
innan 10. november.

Synnøve Handeland

Foto: Kvinnheringen

Leiar for valnemnda er Synnøve Handeland frå Kvinnherad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**