Ferjeavløysing Lote-Anda opnar for regionkommune

Brev til Samferdsleministeren og Kommunal- og regionalministeren: Høgre, Krf, Venstre og Frp i Eid og Gloppen syner til samarbeidsavtalen inngått mellom dei fire partia nasjonalt 30. september 2013. I avtalen framgår at det skal «gjennomføres en kommunereform hvor det sørges for at nødvendige vedtak blir fattet i perioden», og at «Utbyggingen av infrastruktur økes utover rammene i Nasjonal Transportplan». Det framgår også av avtalen at «Flertallet skal i størst mulig grad forvaltes i fellesskap gjennom stortingsperioden.» og at «Samarbeidet mellom partiene i regjering og partiene i Stortinget skal være preget av den samme åpenhet og tillit som er vist i sonderingene».

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Bru Anda Lote

Vi syner vidare til den politiske plattformen for den nye Regjeringa dagsett 7. oktober 2013, der det framgår at «Regjeringen vil investere i det norske veinettet, og særlig i de mest lønnsomme hovedveiprosjektene som knytter Norge sammen og i veier som utvider bo- og arbeidsmarkedsregioner». Det framgår også av regjeringserklæringa at ferjeavløysingsprosjekt skal prioriterast spesielt, at regjeringa vil «utvide fergeavløsningsordningen på riksveier» og «åpne for at nedbetalingstiden i bompengeprosjekter kan forlenges».

Bygging av bru Lote-Anda på E39 over Nordfjorden til erstatning for dagens ferje på strekninga, er eit av dei mest samfunnsøkonomisk lønsame fjordkryssingsprojekta på E39 Kristiansand-Trondheim. Brukryssing Lote-Anda vil kunne vere sjølvfinansierande som ferjeavløysingsprosjekt, med et brukarfinansieringspotensiale på over 2 milliardar kroner over 15 år. Lote-Anda er tilrådd som E39-trase både av Sogn og Fjordane fylkesting og av Regjeringas eksterne kvalitetssikringsrapport for KVU E39 Skei-Valsneset (KS1).

Bru Lote-Anda vil redusere reisetida mellom kommunesentra Nordfjordeid og Sandane frå 50 til under 25 minutt. Kommunane Eid og Gloppen, med 12.000 innbyggjarar, vil då utgjere ein fullt ut funksjonell bu-, service- og arbeidsmarknadsregion.

Høgre, Krf, Venstre og Frp i Eid og Gloppen meiner ut frå dette at det med vedtak om bru Lote-Anda er naturleg at Eid og Gloppen gjennomfører kommunesamanslåing – anten på eigen kjøl eller som del av ein større regionkommune.

Vi vil be om eit snarleg møte med politisk leiing i SD og KRD for å presentere saka nærare, og drøfte korleis vi kan sjå i samanheng den varsla kommunereformen, satsing på ferjefri E39 og varsla prioritering av vegprosjekt som gir ferjeavløysing.

A. Bakgrunn:

•Kommunane Eid og Gloppen har ca 6.000 innbyggjarar kvar. Kommunesentra Nordfjordeid og Sandane ligg knapt 25 kilometer frå kvarandre på E39 mellom Bergen og Ålesund.

•Det einaste som hindrar integrering av dei to kommunane til éin felles bu-, service- og arbeidsmarknad, er at fjorden «splittar» kommunane. I dag er fjordstrekninga på 1.700 meter trafikkert av ferje med avgangsfrekvens varierande mellom 30 minutt og to timar. På trass av ein avstand på berre 25 km, er reisetida mellom Nordfjordeid og Sandane i dag i snitt ca 50 minutt (23 minutt køyring, 10 minutts ferjetur og 15 minutts ferjeventing – endå lenger på tider av døgnet med færre avgangar, f eks midt på dagen og om kvelden).

•Fylkestinget i Sogn og Fjordane har vedteke at framtidig trase for ferjefri E39 Bergen-Ålesund bør gå i dagens trasé over Lote-Anda, med bygging av bru til erstatning for dagens ferje. Det er også tilrådt i Regjeringa sin KS1-rapport for traseval på E39 Skei-Ålesund.

•Hovudargumenta for E39 i midtre Nordfjord med bru Lote-Anda er at traseen gir dei overlegent største samfunnsøkonomiske gevinstane, fordi den knyter saman ein langt større bu- og arbeidsmarknadsregion enn ved å legge E39 lengst inne i indre Nordfjord. Victor Norman/SNF reknar midtre trasé Skei-Volda som eitt av dei tre mest samfunnsøkonomisk lønsame prosjekta på heile E39 på Vestlandet, saman med Bergen-Stavanger og Møreaksen, fordi Nordfjord-regionen i dag er så «underutvikla» som felles bu- og arbeidsmarknadsregion. Også ein fersk rapport frå TØI slår fast at fjordkryssing Lote-Anda er det mest samfunnsøkonomisk lønsame av alle foreslåtte fjordkryssingsprosjekt på E39 nord for Bergen.

Bru Nordfjord

•Reisetida nord-sør for gjennomgangstrafikken vil vere identisk for midtre/indre E39 mellom Skei og Volda, men ein kan ved midtre trasé legge ned to ferjestrekningar (Lote-Anda og Volda-Folkestad) med innsparte ferjekostnader for stat/fylke og bilistar «til evig tid». Ved indre trase kan ingen av dagens ferjestrekningar betalt av bilistar og stat/fylke leggast ned.

•Ei bru over Lote-Anda vil med ny flytebruteknologi vere nær 100% sjølvfinansierande som eit prosjekt med brukarbetaling (sjå vedlegg). Den nye regjeringsplattformen opnar for lenger nedbetalingstid og lenger berekningstid for innsparte ferjesubsidiar. Det vil betre reknestykket ytterlegare. Ved E39-trase i indre vil ein derimot ikkje kunne legge ned ferjer/få ferjeavløysing – her må i følgje den nye regjeringserklæringa utbyggingane finansierast 100% med statlege midlar.

B. Bru opnar for regionkommune

•Høgre, Frp, Venstre og Krf i Eid og Gloppen vil, i tillegg til dei frå før kjende argumenta for E39 over Lote-Anda, peike på at bru Lote-Anda vil halvere reiseavstanden mellom kommunesentra Nordfjordeid og Sandane frå ca 50 til under 25 minutt. Kommunane blir då for alle praktiske formål éin felles bu, service- og arbeidsmarknadsregion

•Høgre, Frp, Venstre og Krf i Eid og Gloppen meiner ut frå dette at det ved vedtak om bru Lote-Anda er naturleg at Eid og Gloppen med sine samla 12.000 innbyggjarar blir slått saman i den kommunereformen som er varsla av regjeringa – anten på eigen kjøl eller som del av ei større regionkommune.

Ei samanslått kommune Eid/Gloppen vil i seg sjølv vere på storleik med dei største av dagens kommuner i Sogn og Fjordane (Førde og Florø). Vi er likevel positive til å gå i dialog også med kommunene rundt oss om å skape endå større regionkommune.

C. Andre effektar for storsamfunnet av ei storkommune

Integrering av Eid og Gloppen til éin bu-, service- og arbeidsmarknadsregion vil i seg sjølv vere utløysande for næringsutvikling, sysselsetjing og tilflytting. Det er eit stort potensiale for næringsutvikling i regionen. Det gjeld ikkje minst innanfor reiseliv og energi, der regionen har spesielle høve for å bygge sterke, framtidsretta næringsklynger. Vi vil vidare peike på følgjande nye utviklings- og effektiviseringspotensial som kan realiserast med bru Lote-Anda:

Auka trafikk/mindre subsidiebehov på Sandane Lufthamn: Flyplassen i Nordfjord ligg på sørsida av Nordfjorden, medan største del av folket bur på nordsida. Brukarar av flyplassen på nordsida er i dag avhengige av ferje. Bru Lote-Anda vil kutte reisetida til flyplassen betydeleg for 15-20.000 innbyggjarar nord for fjorden i ytre/midtre Nordfjord og Vanylven, gi auka trafikk og betre driftsøkonomi. Ved E39 i indre/utan bru Lote-Anda blir ingen slike gevinstar realisert.

Sjukehus/akuttberedskap: Med bru Lote-Anda vil Gloppen få ferjefritt samband til medisinske akuttfunksjonar og andre tenester ved Nordfjord sjukehus, som då blir berre 25 minutt unna Sandane. Det gir auka trygghet for liv og helse. Samtidig vil det bli ferjefri og betydeleg kortare veg til Sentralsjukehuset i Førde for innbyggjarane i ytre/midtre Nordfjord nord for fjorden. Ved E39 i indre/utan bru Lote-Anda blir ingen slike gevinstar realisert.

Politi, NAV og andre statlege funksjonar på Nordfjordeid og Sandane vil ved realisering av ei bru kunne samordnast/samlokaliserast, sidan det berre blir 25 minutt mellom kommunesentra. Ved E39 i indre/utan bru Lote-Anda blir ingen slike gevinstar realisert.

Vidaregåande skular: Firda og Eid vidaregåande skular har i dag i all hovudsak ulike linjer, men skulane vil kunne komplettere kvarandre. Det vil også medføre at fleire elevar kan bu heime. Skulane vil også kunne ha gode høve til å realisere nye tilbud innanfor høgare utdanning og etter-/vidareutdanning ved eit nærare samarbeid. Ved E39 i indre/utan bru Lote-Anda blir ingen slike gevinstar realisert.

Sterkare offentlege kompetansemiljø/ nye statlege funksjonar: Alle kommunene i Nordfjord er i dag for små til å ha robuste kompetansemiljø på mange fagområde, og regionen blir stadig «tappa» for statlege arbeidsplassar. Med éi samla kommune med så små avstander som ei bru vil føre til, vil Nordfjord få eit tyngdepunkt som gjer det mulig å bygge opp sterkare statlege kompetansemiljø også i vår region.

Kultur: Både Gloppen og Eid er i dag kulturkommunar i særklasse, med viktige regionale kulturinstitusjonar og kompetansemiljø. Med bru vil desse miljøa vekse saman til eitt felles fagmiljø innanfor kultur, og utgjere eit samla tyngdepunkt i regionen/fylket på kulturområdet.

D. Inga bru – ingen gevinstmulegheiter
Det er vår felles vurdering at dersom det skulle bli vald ei løysing med E39 i indre Nordfjord og nedklassifisering av Nordfjordeid-Sandane til fylkesveg med dårlegare ferjefrekvens og ferjedrift pressa inn på tronge fylkeskommunale vegbudsjett, vil det ikkje vere mulig å gå vidare med kommunesamanslåing Eid/Gloppen eller å ta ut andre av dei effektane vi har peikt på over.

Vi ber på dette grunnlaget om eit snarleg møte med politisk leiing i Samferdsledepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet.

Eid Høgre v/ leiar Eli Førde Aarskog
Gloppen Høgre v/ leiar Olin Johanne Henden
Eid Venstre v/ leiar Gunvald Ludvigsen
Gloppen Venstre v/ leiar Ragnar Eimhjellen
Eid KrF v/ leiar Sigrun Stokkenes
Gloppen Krf v/ leiar Harald Aske
Eid Frp v/ leiar Lars Svein Drabløs

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**