Det var faktisk fleire i sving enn i 2011, og det lovar godt også for lokalvalkampen i 2015.
Både for oss her på Voss og i Hordaland, og for Venstre på landsbasis, må vi seia oss godt nøgde. Etter ein svært aktiv valkamp i fylket og med m.a. fleire oppslag i Hordaland kom Terje Breivik inn på Stortinget med klar margin!
Og no følgjer nok mange av oss spent med på sonderingane og forhandlingane om samansetjing av ny regjering, og dermed og status for dei sentrale sakene for Venstre!
Valresultatet:
Voss: 589 røyster, 7,2 % (2009: 4,9, dvs. + 2,3%). Hordaland: 16 614 røyster; 5,8% (2009: 4,6 + 1,2)
Oppslutnaden i Voss auka i siste perioden; lokal gallup i april: 5,5 %, ca. 1. sept. 6.7%.
Det nyttar å stå på heilt inn, noko oppslutnaden vår òg reflekterte dei siste vekene!