Beste Stortingsval sidan 2005

Venstre fekk ein markant oppsving i Haram, og er no på veg mot gamle høgder.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Haram Venstres leder Ole Johan Høyberg ønsker Stortingskandidat Pål Farstad lykke til med valgkampen

Foto: Kristian Stråmyr

Med 294 røyster er vi det partiet i Haram med neststørst framgang sidan valet i 2009, og tredje beste resultat for Venstre på Sunnmøre. Mykje skuldast nok at påtroppande stortingsrepresentant Pål Farstad har god kjennskap til kommunen, og fekk mykje god medieomtale for sitt engasjementet for Nordøyvegen.

Lokalt har vi stått på stands, dela ut brosjyrar, vore aktiv på sosiale media og gjennomført ein dør til døraksjon i delar av Tennfjord. Vi har vore sett mykje saman med samarbeidspartnerane våre frå Høgre, FrP og KrF. Til saman fekk vi over 65 % av røystene, som gir eit klart borgarleg fleirtal. Åleine står Venstre for 6,1 % som er over både landssnittet (5,2%) og fylkessnittet (5,6 %). Dermed blir det det vårt beste resultat i Stortingsval sidan 2005 då vi fekk 478 røyster, som tilsvara 9,5 %.

•Sjå bileter frå valkampen her.

Resultat 2013.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**