Gratulerer Venstre og Terje Breivik

Gratulerer Venstre med og overvinna sperregrensespøkelset!
Og gratulerer Terje med det tillitsfulle vervet som stortingsrepresentant for Hordaland!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


"Vi klart det", sa Trine Skei Grande på Venstre si valvake.

"Venstre er igjen ein maktfaktor i norsk politikk", sa Terje Breivik på vår valvake.

Begge peika i sine takketalar på viktige politikkområde Venstre vil endra kursen på; miljø, kunnskap, verdiskaping, fattigdom og velferd. Nå står vi føre krevjande sonderingar og eventuelle forhandlingar om kva regjering Erna skal leia etter 18.10.13.

I Hordaland kan vi gle oss over framgang stort sett i alle kommunar. Hardingane støtta opp om Terje sitt kandidatur. Bergensarane løfta Venstre ytterlegare. Elles er det mykje å gle seg over rundt om i fylket som me kan bygga vidare på mot vala i 2015 og 2017.

"Dere er fantastiske", sa Trine på Venstre si valvake.

"Vi har vore eit team", sa Terje på vår valvake.

Terje Breivik - Arendalsuka 2013

Foto: Ukjent

Begge peika på suksessfaktor nummer ein; nemleg alle frivillege som stilte opp i den politiske kampen for og vinna mandater og valet. Mange har gjort ein utruleg innsats. Ingen nemt, ingen gløymt.

Takk for framifrå innsats og velkomen til nye tak for og løfta partiet ytterlegare i tida som kjem.

Rolf Nesheim
Fylkesleiar og leiar for valkamputvalet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**