Vil ha togstasjon ved brua

Venstre ønskjer at det blir bygt ein togstasjon ved Takvam, slik at det blir endå meir freistande for ostringane å ta toget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

Det eine partiet etter det andre har kome med ulike utspel i valkampen i håp om å skaffa endå nokre røyster. Om Venstre får nokre ekstra røyster på utspelet om å byggja togstasjon ved Takvam, er uvisst. Men Kjell-Andre Johannessen frå Arna og toppkandidat Terje Breivik forsikrar at dette er miljøpolitikk som dei brenn for, val eller ikkje.

Fornuftig
— Toglinene ligg der, så det er «berre» å byggja resten av infrastrukturen som må på plass, seier Johannessen og Breivik. Og det som må på plass er mellom anna ein togstasjon og nok parkeringsplassar.

Johannessen ser for seg at parkeringsplassane må byggjast inn i fjellet.

— Dette blir svært kostbart. Er det realistisk å få dette til, Breivik?

— Ja, sjølvsagt er det mogeleg. Det skal brukast mange milliardar kroner på å byggja ut jernbanenettet i åra framover, mellom anna med dobbeltspor Arna- Bergen. Å få eit tilbod både for ostringane og dei som bur langs jernbanelina er svært fornuftig fordi dette vil få ned biltrafikken monaleg, seier Breivik.

Jernbane, tog, skinner

Foto: Microsoft

Må kjempa
Dei tvilar likevel på at pengane til dette kjem utan kamp. Austlandet skrik etter jernbaneinvesteringar, og Breivik håpar at fleire togkroner til Bergen er noko heile hordalandsbenken på Stortinget vil jobba for.

Johannessen fryktar at biltrafikken i og forbi Arna vil auka monaleg i åra framover, fordi Osterøybrua snart blir gratis. Og etter kvart som både Osterøy og Arna blir meir utbygt og vegnettet blir betre og betre, blir det endå meir freistande å bruka bilen.

— Vi kan få eit kjempestort miljøproblem i Arna dersom biltrafikken aukar så mykje som prognosane tyder på. Ei løysing kan vera å gå i den same tabben som vi alltid gjer, å venta til problemet oppstår. Eller så kan vi vera i forkant og ta dei rette grepa før Arna får dei same luftproblema som Danmarksplass.

Vi meiner det er smart å vera i forkant av utviklinga, slik at problema ikkje oppstår, seier Johannessen.

Kjell Andre Johannessen

Foto: Venstre

Gløymer ikkje
— Så dette er ikkje valflesk du kjem til å gløyma dersom du kjem på Stortinget?

— Nei, dette kjem eg til å jobba med. Elles går eg ut frå at eg vil bli minna om at eg har lova å kjempa for dette, smiler Terje Breivik.

Les heile saka på side 12 i Bygdanytt fredag 6. september.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**