– Vi vil stimulera til å gjera det meir attraktivt for folk å kjøpa frukt og grønt kombinert med at vi vil auke volumet og dermed styrka norsk landbruk, seier førstekandidat til Hordaland Venstre, Terje Breivik til HF.
Partiet, som er ein del av det borgarlege alternativet ved årets Stortingsval, vil finansiera fjerninga ved å forenkle momssystemet og ha fast moms på 24 prosent. Det betyr å auke momsen på mat til ordinær sats og redusere momsskatten generelt. Totalt betyr dette avgiftslette tilsvarande 1,2 milliardar kroner.
– Trur du dette er noko de får til?
– Sjansane bør vera gode, for alle er opptekne av folkehelse og dei fleste er opptekne av norsk landbruk, meiner Breivik.
Få parti har liknande forslag i sine program.
– Dei raudgrøne ser på moms som ein moglegheit til å skaffa staten inntekter. Vi har den innstillinga at momssystemet må brukast for å stimulera til det ein vil ha meir av og det ein vil ha mindre av, seier Breivik som vil gjera det billegare å handle grønt.
Les heile saka på side 11 i Hardanger Folkeblad 6. september.