Vi ventar på bussen

Skodje Venstre vil ha auka satsing på kollektivtransport. Satsing på kollektivtrafikk er både god miljøpolitikk og god by- og landsdelsutvikling. Venstre vil legge om norsk transportpolitikk for å skape enklare, tryggare og meir miljøvenleg kvardag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Venstre ønsker å forbetre kollektivtilbudet. Prisene på periodekort er viktige for å bidra til økt bruk av buss. I dag er dette for dyrt, og Venstre meiner at prisane bør reduserast for vanlige månedskortfor å få fleire til å nytte buss dagleg.

Det er viktig å tilby ordningar som gjer kollektivtrafikken attraktiv for fleire. Vi må også freiste fleire til å velge bussen. Å gi rabatt på alle kort og billetter for dei som dagleg nyttar bussen til arbeid og skule er gode tiltak for å gjere det. Like viktig vil det vere å auke frekvensen på bussavgangane — at det gå ein buss i timen eller annankvar time er for lite til å få nokon til å velje buss framfor bil.

Skodje har stor grad av arbeidspendling ut av kommunen, heile 63,5 % (2010)
Dette er hovudsakleg pedling til Ålesund ( 810 av 1366) og Haram ( 200 av 1366). Godt kollektivtilbod vil gjere det enklare for innbyggjarane i Skodje å kome til og frå arbeid på ein miljøvenleg måte. Når frekvensen er meir enn ein time mellom kvar bussavgang ( unnateke kl 06-07 til Ålesund) er dette ikkje motiverande for å få folk til å velje kollektivtransport framfor bil.
Skodje har ei raskt aukande befolkning og dette krev at vi politikarar må prioritere kollektive løysingar slik at kvardagen for kvar familie kan verte
betre og meir miljøvenleg. Det skal ikkje vere naudsynt at kvar familie skal ha fleire bilar for å kome seg til å frå arbeid og fritidsaktivitetar i kvardagen.

Sunnmøre er ein stor, felles arbeids-og kulturmarknad. Ålesund har mange arbeidsplassar er avhengig av arbeidskraft som pendlar frå dei omkringliggande kommunene. Dette fører til auka utfordringar med trafikkavvikling i rushtida og mangel på parkeringsplassar. Det aukar også riskoen for forureining i Brusdalsvatnet, som er drikkevasskjelda til Ålesund.

Venstre ønsker at kollektivtrafikken (sammen med veg og jernbane) skal vere en del av løysinga på klimautfordringane samtidig som landsdelen utviklast. Då treng vi politikarar som vil prioritere og har nye ideer. Det har vi i Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**