Venstre vil ta Noreg i ein ny, miljøvennleg retning

Det nærmar seg valdagen og for mange er det ikkje endeleg kva ein skal røyste på.
For meg er det eit viktig og enkelt val når eg skal velgje politisk retning.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Etter 8 år med raud-grønt regjeringssamarbeid, tykkjer eg at det er behov for ei kursendring for eit sterkare klima og miljøfokus. For framtida treng me nye, gode og innovative løysingar som har fokus på fornybar energi. Verdens forbruk av fossilt energi er i ferd med å endre klima på jorda vår. Noreg har eit særleg ansvar for å kutte utslipp og for å utvikle nye miljøvennlege, energiløysingar.

Me må bevare natur, miljø og ressursane våre for å sikra ei rein framtid. Venstre vil ha ei storstilt satsing på fornybar energi og teknologi. Bergen og Hordaland har dei beste forutsetnader for å verte energihovudstad i framtida!

Miljøvennleg samferdsel vil og vere av satsingar som er avgjerande for å løyse klimaproblema. Venstre vil ha betre, billegare og hyppigare kollektivtilbod. Venstre vil gje skattefrådrag på miljøtiltak i eigen bustad og skattefritak på månadskort betalt av arbeidsgjevar. Det må verte enklare å ta grønne val! Samstundes skal det lønne seg å ta grønne val, difor vil Venstre ha mindre skatt på miljøvennlege varer og tenester og heller ha meir skatt på utslepp og forbruk.

Folkeaksjonen mot oljeutvinning i Lofoten og Vesterålen - Miljødagsmarkering i Bodø

Foto: Terje Cruickshank

Venstre seier nei til oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Venstre vil ivareta det biologiske mangfaldet ved å sikre sårbar natur. Venstre vil kutte CO2 utslipp med 40 prosent innan 2020 og investere ein større del av oljefondet i klimavenlege prosjekter.

Venstre vil stå for miljø og verdiskaping om me kjem med i ei borgarleg regjering i haust. Det vil verte ein skilnad mellom blågrønt og mørkeblått. Vil du stå saman med oss?
Godt val!

Tove Kristin Sleire Tistel
Masfjorden Venstre

Innlegget stod på trykk i avisa Strilen 5. september 2013

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**