Landbruk skaper levande bygder og gir oss kortreist mat

Landbruk er viktig for busetjing i heile landet, biologisk mangfald, kulturlandskap og matproduksjon.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


VENSTRE VIL SATSE PÅ LANDBRUKET

Skodje og Haram har lange tradisjonar å ta vare på også når det gjeld landbruk. Gardane våre leverer gode produkt og dei treng at vi legg tilhøva til rette for at landbruket framleis skal ha sin plass.

Bonden er sjølvstendig næringsdrivande og kvar bonde må sikrast større handlingsrom, auka fridom med økonomisk tryggleik i botnen. Gode, miljøtilpassa og produksjonsnøytrale tilskotsordningar og forenkling av dagens regelverk er viktig for eit framtidsretta rammeverk.

Venstre vil endre regelverket for samdrift slik at fleire kan vere med. Også samdrifter bør få leige kvoter og kvotetaka bør hevast.

Jordvern er ein føresetnad for framtidig matproduksjon. Venstre vil styrke jordvernet og sikre vern av produktiv matjord mot irreversible endringar.

Landbrukspolitikken må sikre at matproduksjonen er trygg, miljøvenleg og langsiktig. Det er viktig for Venstre å stimulere norsk matkultur og produksjon av lokal mat og drikke.

Landbruket, også i samarbeid med reiseliv, er med på å skape levande bygder.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**