Ei ny regjering

Venstre vil ha fleire kloke, gode lærarar i skulen, og vi vil gje dei meir tid til å sjå kvar enkelt elev. Vi vil ha ein mykje meir offensiv klimapolitikk, og vi vil ta vare på sårbare naturverdiar. Vi vil at det skal bli enklare å skape nye arbeidsplassar for dei som lev i fattigdom, og gje eit løft til dei menneska som treng det mest. Vi vil settje folk først. Den sittande regjeringa har ikkje levert på desse områda. Difor treng vi ei ny regjering.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Det er skilnad på blått og grønt

Stortinget

Foto: Gunn-Torill Homme Mathisen

Iselin Nybø, buss, stavanger

Foto: Mari Halvorsen

Valet i haust handlar ikkje berre om å få ei ny regjering — det handlar også om kva slags ny regjering vi skal få.

Det er stor skilnad på ei regjering med eit stor, grønt Venstre, og ei regjering som berre er blå.
Stemmer du Venstre, så stemmer du på ei borgerleg regjering som også står opp for miljøet, som styrer økonomien på ein ansvarleg måte og som prioriterar dei som treng det mest framfor å love meir til alle.

For Rogaland betyr dette ei regjering som gjer preikestolenområdet til fylkets første nasjonalpark, satsar på Ålgårdbanen og debbeltsport til Egersund, sikrar at Universitetet i Stavanger får betre finansierering og satsar på forsking innanfor fornybar energi.

Di stemme er med på å avgjere kva slags regjering vi får. Ei stemme på Venstre er ei stemme på ei grøn og liberal regjering.

Venstre vil:

•Verne Lofoten, Vesterålen og Senja mot all oljeaktivitet.
•Opprette Preikestolen Nasjonalpark.
•Bevare pappapermen.
•Halde barneskulen fri for karakterar.
P•rioritere tog og andre kollektivløysingar ved å gjenopne Ålgårdbanen og bygge dobbeltsport til Egersund.
•Føre ein human asylpolitikk.
•Bruke private løysingar der det gjev det beste tilbodet, men aldri privatisere for privatiseringa si skuld.
•Stille strenge krav til dyrevelferd og avvikle pelsdyrdrift.
•Gje 1 milliard til folkebibliotek over heile landet.
•Innføre 24 timars behandlingsgaranti for rusavhengige.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**