Norge sitt største fortrinn er, og vil vere kunnskap. Venstre vil derfor betra vilkåra for læring og innhaldet i skulen, og redusera skjemaveldet lærarane blir utsett for. Me vil ikkje ha karakterar frå femte klasse fordi forsking viser at det ikkje er rette grepet for å motivera barna til å læra.
Me treng ein berekraftig miljø- og klimapolitikk der Venstre sitt mål er at klimakrisa må og skal løysast. Industrien er ein del av løysinga og Venstre meiner at Hordaland har alle føresetnader for å bli fonybarfylke nr 1 i landet med Bergen som hovudstad for satsinga på fornybar industriutvikling. Me har forskingsmiljø i verdsklasse og leverandørindustri som er omstillingsdyktig. Venstre vil bidra med statleg kapital for å gje industrien høve til å konkurrera på verdsmarknaden. Monaleg auke i forskingsinnsatsen er også vesentleg for å få til den omstillinga som må til dei komande åra.
Venstre går til val på å korta ned reisetida på Bergensbana mellom Oslo-Bergen og Bergen-Voss til henholdsvis om lag 4 timar og 45 minutt. Me vil at staten bidreg med 50 % i finansiering til bybane til alle bydelane i Bergen. Ferjefri E-39 med utbetring av tilhøyrande tilførslevegar er hovudprioriteringa på vegsektoren.
Kampen mot barnefattigdom står øvst på vår arbeidslista. Me vil ha ein sosial fordelingspolitikk og ein bustadpolitikk som gjer at flest muleg kan eiga.
I valkampen har det blitt dokumentert så mange rare og uheldige utslag av formueskatten at også AP og SP går inn for å gjere noko med formueskatten. Venstre vil fjerna denne for å gje like rammevilkår for norsk og utanlandsk eigarskap, og stimulera til auka verdiskaping.
Venstre vil hegna om personvernet. Me går til val på å avvisa innføringa av datalagringsdirektivet.
Landbruk, fiskeri og reiseliv er tre kulturelle grunnpilarar i landet vårt. Matproduksjon og opplevingar i vid tyding har vore berebjelkar for busetnad og identitet i vårt langstrakte land i generasjonar. Venstre vil at det også skal vera slik i framtida. Derfor er det også viktig å skåna spesielt viktige og sårbare område for fiskerinæringa mot utnytting av petroleumsressursane. Partileiar Trine Skei Grande seier at vern av Lofoten, Vesterålen og Senja er vårt Grand Canyon, ein av dei største turistmagnetane i verda. Det er litt svung over det.
Rolf Nesheim
Fylkesleiar Hordaland Venstre