Tenk blågrønt – stem Venstre!

Venstre går til val på eit regjeringsskifte med ei sentrum-høgre regjering samansett av H, Krf og Venstre. Ei stemme til Venstre vil styrke det poltiske sentrum og legge grunnlaget for ei blågrøn regjering – på bekostning av eit blå-blått alternativ.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Ei stemme til Venstre vil gi ei anna retning i miljøpolitikken med vern av Lofoten og Vesterålen mot oljeboring, eit grønare skattesystem, framleis pappaperm, nei til tidleg ultralyd, og ja til betre kår for frivillig innsats.
Ei stemme til Venstre er ei stemme til eit sterkt offentleg helsevesen supplert av private og ideelle aktørar, ein god offentleg skule med fleire faglærde lærarar framfor fleire timar, og ein skule utan bruk av karakterar på barnesteget – og der nynorsken sine rettar vert ivaretekne.
Eit størst mogeleg Venstre vil gi ein ansvarleg økonomisk politikk der handlingsregelen vert lagt til grunn, der verdigheitsgarantien for dei eldre vert oppfylt, og der kampen mot fattigdom både nasjonalt og internasjonalt vert prioritert.

Tenk blågrønt – stem Venstre!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**