Norge for nordmenn???

Vidkunn Eidnes, medlem i Harstad Venstre, lar seg forargre over HTs førstesideoppslag tirsdag 3.9; og responderer med følgende innlegg i dagens HT:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

We are the world

Foto: juliaf, sxc.hu

“Det er til å bli i dårleg humør av å lese Ht i dag med sitt førstesideoppslag. Skal dette synet få vinne fram, er det ikkje til å tru. Men kanskje kan dette vekke mange til å reagere . Vi har i mange år hatt flotte innvandrarar buande i kommunen, og dei har på mange måtar blitt ein positiv del av byen. Berre vi kunne vere flinkare til å bruke desse, og gje dei lov til å ta del i arbeid, ville mykje bli endå betre. “Ledig-gang er rota til alt vondt” heitte det ein gong.

Eitt eksempel: Ryddinga av området der stien gjennom russefangeleiren fekk god hjelp frå asylantar , til glede for alle partar, men ikkje meir enn eit lys i ein grå kvardag for dei som deltok. Men eit viktig steg !

I alt mellomfolkeleg arbeid har i nærpå 100 år Norge hatt ein særleg posisjon knytta bl.a. til Fridtjov Nansen og hans arbeid for flyktningar. La oss ikkje øydelegge det inntrykket ved å gjere alt om til økonomi, og berre snakke om mange nok milliardar, så er det ikkje råd til å gå talla etter. Gjenta ein påstand lenge nok, så trur du til slutt også sjølv at det er den klåre sanninga.

Godt er det at ordføraren klårt seier frå om meininga si kring dette utspelet frå Frp. 60 flyktningar per år til Harstad blir 1 per 400 innbyggarar. Det kan vi meistre!

Vi kan ikkje berre vere oss sjølv nok. Eit liberalt menneskesyn ligg milevidt frå dei idear som Frp representerer her.

La oss derfor vise at vi ikkje stør dette “framlegget”.”

Vidkunn Eidnes

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**