Venstre ynskjer 1000 nye helsesystrer

Venstre meiner at helsestasjonen er ein nøkkel til folkehelsearbeidet og ein føresetnad for tidleg innsats. Fredag vitja dei helsesystrene på Voss.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Årøen1

Foto: Mathias Fischer

– På helsestasjonen når ein alle, terskelen er låg og helsestasjonen har også ein høg tillit hjå folk. Derfor ynskjer me å satsa framover på denne tenesta, seier 2. kandidat Åsta Årøen i Hordaland Venstre. Venstre har i sitt Stortingsprogram gått inn for 1000 nye helsesystrer. Årøen og Anne Jorunn Møen i Voss Venstre besøkte helsestasjonen rett før helga.

Helsestasjonen på Voss er organisert under avdeling for oppvekst, og dette har gjeve gode rammer for samarbeidet, fortel leiande helsesyster Eli Brandseth.

– Dette er nok noko me på Voss kan tilrå andre kommunar.

Åsta Årøen tykkjer organiseringa på Voss høyrest spennande ut. Ho er også imponert over arbeidet som er nedlagt for å stansa mobbing mellom småbarn, gjennom zero-programmet.

Voss er ein kommune med mange hybelbuarar som går på vidaregåande skule. Å yta god forebygging overfor denne gruppa er viktig, formidler leiande helsesyster Eli Brandseth og fortel at dei skulle gjerne gjort meir.

Helsestasjonen på Voss er eit god døme på ei teneste som gjer mykje bra, men som treng meir ressursar. Å satsa på helsestasjonen er billeg og bra, meiner Årøen, og lovar å arbeida for at 1000 nye helsesystrer skal bli ein realitet.

Tilja Mid også
Årøen og Anne Jorunn Møen besøkte også den vesle bedrift Tilja Mid på Voss. Forteljinga om korleis bedriftsetableraren Therese Wigstrand sette ide ut i handling, er både fascinerande og lærerik, seier Årøen, og legg til at det er ekstra kjekt å sjå at Wigstrand er i ferd med å lukkast med miljøvenlege produkt.

Tilja Mid er miljøvenlege barnekle, produsert av bambus. Produkta er mjuke og komfortable, med sprek design. Det at Tilja Mid er ei bedrift som heldt på å gå under i den såkalla «dødens dal» på grunn av mangel på kapital, viser at ein treng ny politikk overfor dei som vil etablera seg med eiga bedrift, seier Årøen.

– Me i Venstre vil både gje betre sosiale rettar for desse bedriftsetablerarane og større tilgang på risikokapital. Venstre ynskjer å kjempa for småbedriftene, fortel Årøen, fordi der føregår mykje innovasjon og nyskapande produktutvikling. Ein god småbedriftspolitikk er ei god samfunnsinvestering, meiner Årøen.

Sjå heile saka på side 4 i Avisa Hordaland tysdag 3. september.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**