Liberal ungdom på Voss

Resultata frå skulevalet er klare. Venstre er nest største parti blant ungdommen på Voss med 15,2 % i snitt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

 Tone Bjørndal, Emina Koch og Mathias Fischer koste seg på valtorg på Voss.

Tone Bjørndal, Emina Koch og Mathias Fischer koste seg på valtorg på Voss.
Foto: Ukjent

– Vi er veldig nøgd med skulevalresultata på Voss. Til dømes fekk Venstre 23,1 % på Voss vidaregåande og 19 % på Husflidskulen. Som leiar i Hordaland Unge Venstre er eg stolt, seier fylkesleiar Kevin Johnsen.

Mathias Fischer er Venstre sin 3. kandidat til Stortinget. Han skryt uhemma av ein av Unge Venstre sine debattantar på Voss, Jørgen Aas.

– Jørgen har lagt ned ein formidabel innsats. Dette syner at Venstre har eit stort potensial for god oppslutnad hjå unge på Voss, seier Fischer.

Dette er resultata frå Voss:

• Voss vidaregåande skule: 23,1 %
• Voss husflidskule: 19 %
• Voss gymnas: 13,2 %
• Voss jordbruksskule: 9,3 %
• Rogne vidaregåande skule 5,4 %

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**