Korfor Venstre og «Folk Først» ved dette valet?

Er du litt usikker og lurar på korfor du skal røysta Venstre, så er denne saka for deg. Me ynskjer ei ny, grøn og borgarleg regjering! + 10 gode grunnar til å stemma Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Venstres leiar, Trine Skei Grande, kort om korfor ein bør røysta på Venstre:

Video hentet fra YouTube. For full video klikk her.
 Terje Breivik, 1. kandidat til Stortinget for Hordaland Venstre.

Terje Breivik, 1. kandidat til Stortinget for Hordaland Venstre.
Foto: Bård Ek

Kva du røyster ved dette valet vil verta avgjerande for kven som skal styrar Noreg dei neste 4 åra. Rett før valet tyder alt på at me vil få eit regjeringsskifte, men kven som skal samarbeida om å danna ny regjering saman med Høgre er framleis uvisst. Det ligg ann til enten ei blå-blå regjering med FrP eller ei blå-grøn regjering med Høgre og sentrumspartia Venstre og KrF.

Det er inga hemmeligheit at me i Venstre ynskjer det siste alternativet. Høgre og FrP saman, kjem til å verta ein kraftig høyrevridning av politikken med store skatteletter for dei rikaste og mindre fokus på dei som vil trenge det mest. Venstre har ein heilskapeleg politikk som tar utgongspunkt i folks behov — «Folk Først.»

Når Venstre skal bygga velferdsordningar, har me fokus på å ha målretta tiltak til dei som treng det mest. Me vil ha eit «varmare» samfunn, kor folk i hjelpesystema møter deg med eit respektfult og likeverdig «hei, kva treng DU?», istadenfor «Hei, velkommen til systemet vårt, her må du fylla ut nokre skjema, så skal me sjå kva slags hjelpekategori du tilhøyrar.» I helsepolitikken er me opptatt av dei same verdiane, samt at meir av midla må nyttast lokalt i kommunane på førebyggande tiltak. Venstre vil også opna for meir sunt folkevett i NAV-systemet, med auka bruk av skjønn og individuelle tilpasningar.

Klima

Foto: Klimavalg 2013

Me er samde med Arbeidarpartiet at me treng gode, trygge og offentlege løysingar på dei store felleskapsområda. Samstundes er me samde med Høgre, at det må leggast betre til rette for verdiskaping. Venstre er det einaste partiet i Noreg som ikkje skal forsvara ei bestemt interessegruppa; difor kan me fokusera berre på dei politiske løysingane. Det bør for eksempel lønna seg å gjera ein ekstraordinær innsats for å få til noko ein brenn for. Også her vil me ha målretta tiltak til dei som treng det mest — nemleg små — og mellomstore verksemder, særskild i oppstartsfasen. Med Venstre vil det verta vesentleg mindre byråkratiske hindringar og meir hjelp for å starta og driva si eiga verksemd.

Venstre i regjering vil vera den beste garantien for ein god miljø- og skulepolitikk. Me er ikkje prinsipielt for eller mot private løysingar, men meinar at det viktigaste er kvaliteten på tenesta eller tilbodet som skal leverast. Difor er me opptatt av å legga til rette for at lærarane skal få nytta si tid i størst mogeleg grad på elevane og at dei skal få både vidare- og etterutdanning for fagleg påfyll. Venstre meinar også at det er viktig å gjera det enkelt for folk og verksemder å ta grøne val i kvardagen.

Om du er litt usamd med AP og litt samd med høgre, men ynskjer meir fokus på miljøpolitikk og menneskelege verdiar, er Venstre løysinga for deg. Om du ikkje vil ha ein blå-blå høgrepolitikk i regjering, er det viktigare enn nokon gong å røysta på Venstre.

Godt val!

10 gode grunnar til å stemma Venstre.

Sosialliberal politikk handlar om å gje folk mest mogeleg fridom til å ta sine eigne val, så lenge me tar godt vare på miljøet og kvarandre. Liberale set folk først, der andre forsvarar system og særinteresser.

Venstre har eit sterkt program på alle politikkområder, og folk kan ha ulike grunnar for sitt partival. Her er likavel dei ti aller viktigaste grunnane til at me meiner du bør røysta Venstre:

1. Gjere det enkelt å velja miljøvenleg. Venstre vil skapa ei grøn framtid. Då må toget og bussen gå oftare og komma fortare fram, og skattesystemet må belønna miljøvennlege val.
2. Dyktige lærarar i alle klasserom. Venstre vil utvida lærarutdanninga til ein femårig mastergrad, og gje alle lærarar rett og plikt til etter- og vidareutdanning så dei kan utvikla seg.

3. Gje rusmisbrukarar hjelp, ikkje straff. Venstre vil ha ein human ruspolitikk og styrka rusomsorga med fleire behandlingsplassar, ettervern, sprøyterom og heroinassistert rehabilitering.

4. Nei til Datalagringsdirektivet. Overvaking av alle mistenkeleggjer uskyldige borgarar. Venstre vil styrka personvernet, bevara eit fritt internett og stansa Datalagringsdirektivet.

5. Open dør hjå helsesyster. Venstre vil styrka skulehelsetenesta med 1000 nye helsesøstrer dei neste fira åra, så alle elevar kan få god hjelp når dei treng det utan å måtte stå i kø.

6. La asylborna bli.Born som har vokse opp i Noreg skal sleppa å ligga vakne i frykt for å verta henta av politiet og sendt ut av landet. Ingen skal straffast for feil som foreldra har begått.

7. Færre forbod. Eit liberalt samfunn bygg på tillit til enkeltmennesket og fridom under ansvar. Venstre vil mellom anna tillata pokerspeling og pokerspeling. Stoppa sniksentraliseringa av lokalsjukehusa. Venstre vil ha ein heilskapleg plan for korleis sjukehus-Noreg skal sjå ut. Lokalsjukehusa er svært viktig for å sikra akuttberedskap i heile landet. Den viktigaste tryggleiken mot privatisering og klasseskilje i helsesektoren er å oppretthalda kvaliteten på det offentlege helsetilbodet i folks nærmiljø.

8. Fleire verksemder og nye idear. Venstre vil sørgja for meir risikokapital til nye verksemder, slik at fleire gode idear kan overleva idé-stadiet. I dag kjem støtta så seint i prosessen av mange gode idear aldri får sjansen til å verta solide verksemder.

9. Solid sidemålsundervising. Venstre vil ivareta sidemålets status i skulen. Born i barneskulen skal kunna få bøker på sitt sidemål, naturfag, matte og liknande. Og ein skal ivareta karakteren i sidemålet.

10. Sunt folkevett i NAV. Venstre vil endre reglene i Nav-systemet. Han vil ha meir bruk av skjønn og gi meir makt og myndighet til førstelinetenesta. NAV-brukarar må også få rett til å snakka direkte med sakshandsamar som sitt med avgjerslemyndigheit.

Les meir om Venstres syn på:
Korfor Venstre og «Folk Først» ved dette valet?
klima og miljø
Skule og utdanning.
Verdiskaping og næringspolitikk.
Stopp sniksentraliseringen av lokalsjukehusa!
Oversikt over saker frå Stord Venstre denne valkampen.
Stortingsprogrammet til Venstre 2013-2017.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**