Ulvikingen med røter i Øygarden var før helga på Sotra for å driva valkamp. Han ser ei stadig meir fornybar framtid for industrien her i regionen, viss næringa får sjansen og grip han.
– Bedrifter som driv med undervassteknologi og andre som i dag leverer til olje- og gassverksemda, må få betre vilkår på fornybar energi ved at me skaper ein heimemarknad for vindkraft til havs, seier Terje Breivik.
Politikarane søv i timen
Førstekandidaten for Venstre i Hordaland meiner politikarane så langt har forsømt seg når det gjeld å leggja til rette med gode vilkår for ein overgang til vindkraft. Ei gradvis omforming vil gje industrien fleire bein å stå på, etter-kvart som olje og gass vert mindre viktige energiformer. Etter Venstre sitt syn vert det gjort for lite politisk for å fremja nye satsingar i Noreg.
– Det er i ferd med å byggja seg opp ein stor marknad internasjonalt, ikkje minst i Tyskland og Danmark. Det som kan gje norsk industri drahjelp, er eit statleg investeringsselskap, meiner Breivik.
Venstre flagga i media for eit par veker sidan at dei går inn for å setja av kring fem milliardar kroner til startkapital for eit slikt selskap. Partiet meiner dette vil gjera det mogeleg å byggja fullskala pilotanlegg for vindturbinar til havs på norsk sokkel. Breivik peikar på at Vestavind Offshore har fått konsesjon på Noregs første offshore vindpark, «Havsul» utanfor Harøya i Møre og Romsdal.
Føresetnaden for å få heilt eller delvis norskproduserte turbinar til havs er at ein får testa teknologien i full skala. Då må politikarane bidra til å skapa den heimemarknaden til dømes Vestavind Offshore har sakna.
Har alle føresetnader
– Satsar me i tide kan me opna for norsk deltaking i ein industri som er verd enorme summar internasjonalt. Teknologimiljøet innan subsea, med FMC og Aker Solutions i spissen, kan bidra til å løysa klimakrisa samstundes som dei skapar nye arbeidsplassar, meiner Terje Breivik.
I Øygarden syslar CCB Kollsnes med planar for ein forsyningsbase retta mot offshore vindkraft. Selskapet Sway driv også utvikling av offshoreteknologi, men har så langt ikkje testa turbinar i full skala. Alt i alt har det skjedd relativt lite innan havbasert vindkraft her til lands dei siste åra. Men Breivik, som har familien på farssida frå Breiviksund i Øygarden, ser eit stort potensiale for næringa her i regionen.
– Når me skriv år 2050 bør 80 prosent av energiproduksjonen vera fornybar, 20 prosent fossil. Sistnemnde bør koma frå rein, norsk gass, men industrien vår er nøydd til å hoppa på fornybar-toget så fort som råd, meiner Breivik.
Trygg på gjennomslag
– Korleis skal Venstre få det til, når ei eventuell ny regjering vil vera dominert av Høgre?
– Er det eitt felt der Venstre raskt kan verta samd med Høgre, så er det i næringspolitikken. Me må ha eit heilt anna tempo på forskning og utvikling, slik at norsk industri kan ta føringa både på vindkraft og produksjon av hydrogen frå elektrolyse, seier førstekandidat Terje Breivik i Hordaland Venstre.
Les heile saka på side 5 i Vestnytt tysdag 3. september.