Venstre best i test, også på kultur

“Val 2013:
Blåblått eller BLÅGRØNT?
Teaternett har sett på teaterpolitikken til dei politiske partia, og freista å finne ut kven som kjem best ut. Er løpet kjørt for dei raudgrøne? Må teaterveljarane ta eit nytt val: Korleis vil dei at ei ny borgarleg regjering skal sjå ut?”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I starten av juli var Hedmark Venstres stortingskandidat, Erik Ringnes, på besøk hos Teater Innlandet.

De har vurdert de ulike partienes kulturpolitikk og har kåret Venstre til det beste kulturpartiet!

Erik Ringnes besøker Teater Innlandet

Foto: Mirjam Engelsjord

Venstre: Frie grupper, nyskaping og internasjonalt blikk

Venstre kom godt ut i 2005-gjennomgangen vår. Ikkje så mykje å velje mellom på knapperekka på nettsida, det vart “Politikk”. Det er heller ikkje hjå Venstre plass til Kultur mellom dei fire store: “Skole, Miljø, Velferd, Verdiskaping”. For etiketten “Verdiskaping” omfattar nok næringslivet i Venstres program, rett nok med fokus på små og mellomstore bedrifter, der vi veit at vi også finn kultur- og teaterarbeidarar. Sjøl om små kunstnarbedrifter kan ha godt av forenkling og mindre skjemavelde, klikkar vi oss over til “Politikken A til Å”. Og her, under “Kultur og informasjon” finn vi knappen “Teater”. Klikkar vi her kjem vi til “Kunst og kunstnere”, og vi siterer: “Venstre vil ha et bredt spekter av teaterinstitusjoner. Etablerte kunstneriske produksjonsmiljøer og institusjoner, både regionale og nasjonale, skal ha sikre og forutsigbare rammer samtidig som de frie kunstgruppene får en større andel av den offentlige støtten.” Dette liknar ganske mykje på AP sitt program, skilnaden går først og fremst ut på at Venstre gjev eit klart signal om at dei frie gruppene skal få ein større andel av støtta. Det er eit viktig poeng, og profilerer Venste sin teaterpolitikk meir i retning av aktiv prioritering. Venstre tek også høgd for fleire internasjonale impulsar i sitt program: Partiet vil “Gi kulturarbeidere som har kunstneriske oppdrag lettere adgang til visum til Norge”. Dette har i fleire år vore eit stort problem for folk som driv festivalar av ymse slag i landet. I same retning går også fylgjande programformulering: “Arbeide for at forfulgte akademikere, forskere, forfattere og kunstnere får opphold og formidlingsmuligheter i Norge”. Partiet signaliserer også meir vilje til nyskaping: “Gi Dramatikkens hus tilfredsstillende økonomiske vilkår for å sikre nyskrevet norsk dramatikk.” Programmet har framleis noko å hente på konkretisering, men retningen i dette er seriøs og lovande. Utfordringa blir nok å få med seg samarbeidspartnarar i og utanfor regjering på dette etter den 9. september. Men: Dei gamle er altså eldst, og snart 130 år gamle Venstre tronar aleine som vinnar denne gongen.

Terningkast: 5 – VINNAR AV GJENNOMGANGEN

Vurdert av Teaternett.no

Se hele kåringen her: http://www.teaternett.no/aktuelt/2013/0903-010.htm

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**