Set kulturen fri

Kulturen har sin eigenverdi og skal vera fri for offentleg styring, skriv Trine Skei Grande og Ole og Knut Aastad Bråten i ein kronikk i avisa Valdres torsdag 29. august.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Venstre sin kulturideologi stikk djupt i den norske folkesjela, ja, sjølv hjå dei som ikkje stemmer Venstre. Kulturlivet i Noreg har lange tradisjonar, som demokratisk kraft i opposisjon til makta og majoritetssamfunnet, og som leverandør av kunstuttrykk av høg kvalitet, her heime eller på den internasjonale arena.

Staten må gjerne ynske, håpe og tru — at kulturen skal målbera ein politisk draum, ein raudgrøn draum. Men slik lever ikkje kulturen sitt liv. Det betyr lite kor mykje politikarar måtte ynske å styre kulturlivet i Noreg. Kulturlivet lever tvert imot sitt eige liv, uavhengig av kva målbar nytte den måtte ha for samfunnet. Kulturen er korrektiv og kommentar til samfunnet omkring. Han skapar si eiga form, sitt eiga innhald, skapar sin eigen verdi.

Denne verdien kan fort gå tap, dersom nokon set seg til å diktere kva kulturen skal reflektere over. Derfor skal kulturen vera fri frå offentleg styring. Smaken åt politikarane skal ikkje avgjera storleiken på tilskottet eller tilbodet i kulturskulen. I mange kommunar gjennomfører Venstre ein liberal kulturpolitikk. Får Venstre makt nasjonalt, vil vi gjere det same der.

Kulturen skal vera fri, men ikkje fri frå offentleg pengeløyving. Venstre meiner til dømes at det er kulturinstitusjonane sjølve som skal få bestemme programinnhald, fagleg retning og fokusområde ved institusjonane, ikkje dei statlege tilskottgjevarane. Like fullt meiner Venstre at frie kunstnarar og kulturinstitusjonar er viktige bidragsytarar til eit fritt og ope ytringssamfunn. Slike aktørar skal i større grød nyte godt av dei offentlege tilskotta.

Venstre vil arbeide for å styrke kulturbudsjetta i alle Valdres-kommunane. Auka bokbudsjett i alle kommunebiblioteka, eit nytt kulturhus for heile regionen, ei tilskottsordning for dokumentasjon og vidareføring av truga kulturelle ytringar, ei ny stipendordning for unge, talentfulle kunstnarar, vidareføring av den regionale festivalstøtta og produksjonsstøtta for dyktige kulturarrangørar, og ei styrking av tilskottsordningane til friviljuge lag og foreiningar. Dette er nokre av Valdres Venstre sine kulturelle satsingar framover.

I Venstre sin kulturpolitikk er det eit offentleg ansvar å legge til rette for, og støtte mangfald, nyskaping og innovasjon. Alle, særleg barn og unge, skal ha tilgang til gode kulturopplevingar av høg kvalitet, uavhengig av økonomi og bakgrunn. Derfor vil ikkje realisering av eit nytt kulturhus, bibliotek og konsertlokale i Valdres berre vera ein viktig politisk seier i Valdres, men fyrst og fremst ein seiar for barn og unge som treng trygge, føreseielege og framtidsretta rammer for kulturutfalding på høgt og lågt nivå. Enger-utvalet si kulturutgreiing frå i år peikte nettopp at det er grunnfjellet i kulturlivet som har vore nedprioritert dei siste åra.

For å kunne skapa reell fridom for kunsten og kulturen, kan ein ikkje sjå dei offentlege tilskotta som det einaste rette. Dei siste åra har det vore ei sterk sentralisering av kulturmakt i Noreg. Norsk kulturråd, til dømes, har for dei aller fleste kunstnarar i Noreg vorte ein sterk, kanskje for sterk, premissleverandør ved realiseringa av ulike kunst- og kulturprosjekt. Men Kulturrådet er ikkje berre bidragsytar av pengar og kapital. Dei legg også føringar for innhald og tematikk til dei kulturprosjekta som får støtte og som veks fram. Dette skapar farlege bindingar til ein byråkratisk og politisert tilskottgjevar. Venstre vil spreie kulturmakta på fleire og stimulere til at også private aktørar, gjennom gåveforsterkingsordningar, vil støtte kulturlivet med gåver og bidrag. I dag er store deler av kulturfeltet i for stor grad avhengig av statleg finansiering.

Venstre sitt mål for kulturpolitikken er ein fri og sjølvstendig kultursektor. Venstre ynskjer å spreie kulturmakta og å satse målretta på dei levande utøvarmiljø. Venstre vil styrke og fornye kulturlivet. Kulturlivet skal ikkje vere instrument for å nå andre samfunnsmessige mål. Er det ikkje på tide å setja kulturen fri?

Ole og Knut Aastad Bråten, Valdres Venstre
Trine Skei Grande, leiar i Venstre og stortingsrepresentant for Oslo

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**