Kunnskapsmangel om fisk og kyst på Stortinget

Pål Farstad har solid fiskerikunnskap som han kan tilføre Stortinget. Venstre ved Pål Farstad kan vinne siste mandatet i fylket viss folket i Møre og Romsdal vil, skriv Gunn Berit Gjerde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Leserbrev:

Gunn Berit Gjerde

Foto: nn

KUNNSKAPSMANGEL OM FISK OG KYST PÅ STORTINGET

Det er alvorleg for Møre og Romsdal at kunnskapen om kysten vår og fiskeri og fisk er så fråvande i Stortinget. Fylket vårt har ikkje hatt nokon markant fiskeripolitikar sidan Petter Løvik. Vi blir fullstendig overkøyrde av andre landsdeler sine interesser når viktige kyst- og fiskerisaker
skal avgjerast i Stortinget.

Eg har opplevd dette sterkt. Viktige diskusjonar som vil vere avgjerande for fiskinæringa i Møre og Romsdal blir haldne i Stortinget med få personar til stades. Kunnskapen er så liten mellom dei fleste stortingspolitikerne at det er nokre få fiskeripolitikarar som blir tonegivande for vedtaka som blir gjorde. Helga Pedersen har lenge dominert desse diskusjonane. Ho har ofte vore på sterk kollisjonskurs med interesser i Møre og Romsdal. Struktureringsdebatten og evigvarande kvoter er to døme på dette.

Møre og Romsdal treng ein skikkeleg god fiskeripolitikar som kan vere tonegivande for Mørebenken om vi ikkje skal tape i kampen om ressursane og organiseringa.

Venstre har ein slik kandidat som kan vinne siste mandatet i fylket viss folket i Møre og Romsdal vil: Pål Farstad. Han har ein solid fiskerikunnskap. Han har vore rådgiver for Norges Fiskarlag, dagleg leiar for Nordmøre Fiskarlag, FoU koordinator for fiskeflåten og dagleg leiar i Nordmøre Fiskebåt.
Som sunnmøring frå Ulla, busett i Kristiansund, kjenner han fiskeriinteressene i heile fylket. Kan det bli betre?

Gunn Berit Gjerde
Fylkespolitikar for Venstre
og tidlegare stortingsrepresentant

Lesarbrevet publisert i fleire aviser i fylket siste veka

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**