Difor stemmer eg Venstre!

9. september skal eg bruke retten min til å påverke den politiske styringa dei komande åra. Og eg stemmer Venstre – med fokus på grøne val, nyskaping og kunnskap!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Kunnskap er berebjelken i framtidig verdiskaping og velferd. Difor treng vi parti som prioriterer det vi veit virkar; til dømes meir pengar til forsking, betre lærarutdanning, meir vidarutdanning og mindre skulebyråkrati. Difor stemmer eg Venstre!

Nyskapinga og gründeraktiviteten dekkar ikkje inn behovet vi har for nye arbeidsplassar og næringar. Ikkje minst gjeld dette Sogn og Fjordane. Difor treng vi parti som trur på og vil stimulere det private initiativet; til dømes meir midlar til gründerverksemd, forenkling i møte med det offentlege, gradvis fjerne formueskatten og gjere det lønsamt å investere i eiga bedrift. Difor stemmer eg Venstre!

Grøne val handlar om å forvalte våre felles verdiar – til beste for deg og meg, for ungane og borneborna våre. Difor treng vi parti som torer å tenkje langsiktig, vere føre var og gjere det enklare for alle å ta grøne val; til dømes gje fråtrekk på skatten for husstandar som satsar på ENØK-løysingar, redusert tempo i oljeutvinninga, sterkare utbygging av kollektivtransport, og gang- og sykkelvegar. Difor stemmer eg Venstre!

Gjer eit godt val, du også!

Trude Risnes
6.kandidat for Venstre – Sogn og Fjordane

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**