Åsta Årøen til Voss

Åsta Årøen står som nr. 2 på stortingslista for Venstre i Hordaland, dvs. etter Terje Breivik. Ho kjem til Vangen imorgon, fredag 30.08.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Åsta Årøen nær

Foto: Silje England Garshol

Åsta Årøen skal først, i lag med Anne-Jorunn Ryum Møen frå Voss Venstre, ha eit besøk på helsesøsterkontoret for å bli orientert om situasjonen der — og også fortelja litt om Venstre sin politikk innan helse, m. a. kva Venstre ynskjer for helsesøsterdekninga og psykologtenesta. Deretter står ho på stand i Vangsgata med Anne-Jorunn og Jorunn Ytrefjord mellom kl. 15.30 — 16.45, før besøket blir avrunda med ein tur på «Tre Brør» mellom kl. 17.00 — 18.00.

I tillegg til å vera stødig på velferdspolitikken til Venstre, har Åsta Årøen vore med i nemnda som arbeidde ut Venstre sitt valprogram. Åsta kjenner med andre ord Venstre sin heilskaplege politikk svært godt.

Er du nysgjerrig på kva Venstre vil jobba for i neste periode? Vil du verta betre kjend med Åsta? Nytt høvet til å bli betre kjent med Åsta Årøen og Venstre sin politikk i morgon. Møt henne anten på stand mellom 15.30 – 16.45, eller nytt høvet til ein kafeprat mellom kl. 17.00 — 18.00 på "Tre brør"!

Vel møtt!

Åsta Årøen LM2012

Foto: Helene Z Skulstad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**