78 prosent av målingane gir Rotevatn plass på Tinget

Sidan 10. august har det kome 23 nasjonale meiningsmålingar. 18 av dei ville gitt Sveinung Rotevatn plass på Stortinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I TV2s partibarometer kan ein sjå korleis dei ulike meiningsmålingane gir seg utslag i mandatfordeling på Stortinget. Parti som får færre distriktsmandat enn det som er rimeleg etter nasjonal oppslutnad, vert tildelt utjamningsmandat for å sikre mest mogleg rettferdig representasjon — så sant partiet har ein nasjonal oppslutnad over 4 prosent.

I følgje TV2 ville utjamningsmandatet til Sogn og Fjordane gått til Venstre og Sveinung Rotevatn i 78 % av dei nasjonale meiningsmålingane sidan 10. august.

– Dette viser det vi har sagt heile tida, nemleg at eit venstremandat frå Sogn og Fjordane er svært sannsynleg, seier valkampsjef for Venstre, Ragnar Eimhjellen.

 Valkampsekretær Peder Hauge, førstekandidat Sveinung Rotevatn og valkampsjef Ragnar Eimhjellen.

Valkampsekretær Peder Hauge, førstekandidat Sveinung Rotevatn og valkampsjef Ragnar Eimhjellen.
Foto: Sogn og Fjordane Venstre

Når ein tildeler utjamningsmandat ser ein både på nasjonal oppslutnad og på oppslutnad i det einskilde fylket. At Venstre så ofte får utjamningsmandat i Sogn og Fjordane skuldast at det er eit fylke med god oppslutnad kring Venstre (6,4 % på sist fylkesmåling), men med berre tre direktemandat å dele ut. Det førte då også til at Venstre fekk stortingsplass i 2005-valet.

Fordelinga av utjamningsmandat vert også påverka av korleis andre parti gjer det rundt kring i landet, men éin ting er sikkert: Jo betre Venstre gjer det i Sogn og Fjordane, jo større er sjansen for stortingsmandat.

Blågrøn regering

– At Venstre kan gjere eit godt val og kome inn i Sogn og Fjordane har vi visst lenge. No viser målingane at stortingsplass er overvegande sannsynleg. Dersom eg skulle vere så heldig å kome inn på Stortinget for Sogn og Fjordane, lovar eg å stå på knallhardt for interessene til fylket, og for eit meir liberalt Noreg, seier Sveinung Rotevatn.

Dei siste vekene har målingane stort sett peika oppover for Venstre. Noregs eldste parti har vore over sperregrensa på 4 prosent på samtlege stortingsmålingar sidan 10. august, og har ei førebels toppnotering på 7,3 prosent i VG 27. august.

– Eit val etter mønster av det vi ser på målingane no ville gitt Stortinget eit solid, borgarleg fleirtal, med eit sterkt Venstre. Og landet ville truleg fått ei blågrøn regjering. Det er viktig for å sikre ein ambisiøs miljøpolitik, ein skulepolitikk der vi satsar på kunnskap og ein næringspolitikk for berekraftig vekst og nye arbeidsplassar, seier Rotevatn.

 Stortingskandidat Sveinung Rotevatn ligg godt ann til å bli stortingsrepresentant etter 9. september.

Stortingskandidat Sveinung Rotevatn ligg godt ann til å bli stortingsrepresentant etter 9. september.
Foto: Silje England

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**