Før valet har mange organisasjonar gått grundig gjennom programma til partia. Venstre toppar ei rekkje kåringar, og haustar ros for å vere leiande både på miljø og næring. Denne kombinasjonen er unik for Venstre.
«Venstre vil satse på fornybart, verne Lofoten og gjøre det lett for folk å ta klimavennlige valg i hverdagen.» Slik oppsummerer Framtiden i våre hender politikken til Venstres i sin store Klimavalg-undersøkelse. Med terningkast 6 toppar Venstre lista saman med andre miljøparti, som SV og MDG. Venstre får også gode skussmål frå WWF som påpeikar at fire parti skil seg ut som klåre tilhengarar av en norsk klimalov: KrF, Venstre, Miljøpartiet De Grønne og Rødt. Blant dei aktuelle regjeringsalternativa, ser det dermed ut til at ei borgarleg regjering med Venstre og KrF om bord vil vere mest positiv til en klimalov, påpeikar WWF på sine nettsider. I Kollektivkampanjen sin analyse, som mellom anna Fagforbundet og Norsk transportarbeidarforbund står bak, er Venstre best blant dei borgarlege partia med 4,8 av 6.
Når det gjeld næringspolitikk, er Venstre i toppen med terningkast 5 i NHO sin grundige gjennomgang av partia sin politikk for å fremje verdiskaping. NHO skriv at Venstre sin motstand mot oljeboring i Lofoten og Vesterålen trekker ned. I Venstre er me stolte over at berre dette trekkjer ned, fordi det handlar om å verne unike naturområde samstundes som ein prioriterer fiskeri- og reiselivsnæringane. Virke, den nest største næringsorganisasjonen skriv at «Venstres program er befriende fri for sektorkjepphester. Partiet vil satse på kunnskap, innovasjon og lønnsomhet uavhengig av næring i erkjennelse av at politikere ikke er de beste til å plukke vinnere. Partiet evner å kombinere en offensiv næringspolitikk med en god miljøprofil, og har tiltak som gjør at næringslivet i større grad stimuleres til å opptre i miljøet tjeneste. Terningkast 6.» Venstre er også testvinnar innan teknologi og IKT-næringane (IKT Norge og Abelia), noko som viser at Venstre er eit moderne og teknologioptimistisk parti.
Undersøkinger på andre område viser Venstre sitt sosiale engasjement. Venstre er best på psykisk helse med terningkast 5 hjå Norsk Psykologforening, og får «Pluss for sterk vilje til å peke ut barn og unge som viktig målgruppe for forebyggende psykisk helsearbeid.» I Kirkens Nødhjelp si bistandsundersøking er Venstre på topp tre, og Dyrevernalliansen slår fast at Venstre har eit «sterkt program for dyrevelferd».
Venstre er det einaste partiet som er blant dei beste både på miljø og næring. SV og MDG er i likskap med Venstre gode på miljø, men dei har ingen politikk for verdiskaping. Høgre er på den andre sida gode på næring, men miljø har dei ikkje noko sterkt engasjement for. Så alle som er opptekne av næringsutvikling, men samstundes meiner at miljø er viktig bør stemme Venstre. Grøn vekst er mogeleg!
Frode Hervik,
Leiar, Radøy Venstre